Alkymi (arabisk al-kimiya) er ei nemning på ein vitskap i eldre tid, ein protovitskap som var forløpar for moderne kjemi. Ein alkymist blanda ulike stoff og utsette dei for varme og anna påverknad for å prøva å laga verdfulle ting som til dømes gull.

Alkymisten, måleri av William Fettes Douglas.

Alkymi har ikkje plass i moderne vitskap, men finst framleis i esoteriske kretsar og kan brukast som symbolspråk til dømes i den teoretiske psykologien.

Historie endre

 
Side frå Ramon Llull sitt alkymiverk frå 1500-talet.

Gjennom mellomalderen dreiv alkymistane hovudsakleg med forsøk på framstilling av gull og kjærleiksdrykkar, med varierande hell. Tankar om at ein skulle kunna framstilla allereie kjente stoff, til dømes gull, ved å blanda andre stoff, er basert på Aristoteles' teori om at alle stoff i sin tur er oppbygde av dei fire elementa i ulike blandingar. Ved å blanda ulike stoff i rette forhold skulle ein kunna få fram kva som helst for andre stoff. Namnet på alkohol er ein arv frå alkymistane. Deira tankesystem bygde på ulike mengder av magi, platonisme, gnostisisme og andre no utdøydde samanblandingar av den materielle og andelege verda. Ei seigliva oppfatning var til dømes at varme var ein slags væske som fanst inni materien, og at brennbare stoff inneheldt eit særleg «eldstoff» kalla flogiston.

Alkymi har alltid vore populært i okkulte kretsar, og nådde ein topp på 1800-talet, då blant andre August Strindberg eigna seg til dette under sterk påverknad av Emanuel Swedenborgs tankar. Under eit eksperiment lykkast han å framstilla svovelkis av jern og svovel, og trudde han hadde framstilt ekte gull. Tanken vart teken opp av Carl Gustav Jung, som skreiv om individuasjonsprosessen med alkymien som symbolspråk og teorien om ein gjeven orden til all utvikling. Under Jungs påverknad har seinare alkymien på 1900-talet påverka nyreligiøse rørsler, men òg forskarar i ulike kulturvitskapar.

Sjølv om ein ikkje kunne sjå på alkymien som vitskap, gjorde alkymistar mange viktige tekniske oppfinningar, til dømes destillasjon, og dei oppdaga òg einskilde stoff som kvikksølv.

Sjå også endre

Kjelder endre

«alkymi» i Nynorskordboka.

Bakgrunnsstoff endre