All Along the Watchtower

All Along the Watchtower
Singel av Bob Dylan
frå albumet John Wesley Harding
B-side

«I'll Be Your Baby Tonight»

Språk engelsk
Utgjeve 22. november 1968
Innspelt 6. november 1967
Sjanger Folkrock
Lengd 2:31
Selskap Columbia
Komponist Bob Dylan
Tekstforfattar Bob Dylan
Låtskrivar(ar) Bob Dylan
Produsent Bob Johnston
Bob Dylan-kronologi 
«If You Gotta Go, Go Now»
(1968)
All Along the Watchtower «I Threw It All Away»
(1969)


«All Along the Watchtower» er ein song skriven og spelt inn av Bob Dylan for albumet John Wesley Harding i 1967. Songen er spelt av mange andre artistar i mange sjangrar, mest kjend av Jimi Hendrix Experience. Det er mange spekulasjonar om kva songen eigentleg handlar om.

Bob Dylan-utgåva endre

Dylan skriv «All Along the Watchtower» i lag med dei andre songane på John Wesley Harding i løpet av året etter motorsykkelulukka hans sommaren 1966.[1] Ulukka gjorde at Dylan måtte trekke seg tilbake frå artistlivet. Han fekk to born i løpet av 1966-1967 og slo seg ned som familiemann. I denne peridoen fekk han interesse for Bibelen og fleire av songane på albumet har bibelske referansar, særleg på songar som «All Along the Watchtower», «Dear Landlord», «I Dreamed I Saw St. Augustine» og «The Wicked Messenger».[2][3]

Dylan spelte inn songen 6. november 1967 i Columbia Studio A i Nashville i Tennessee. Med seg på innspelinga hadde han Charlie McCoybassgitar og Kenneth Buttreytrommer. Produsent var Bob Johnston.[4]

Fleire kritikarar har peikt på at teksten i songen liknar linjer i Jesajaboka, kaptittel 21, vers 5-9:

«Dei dukar bord og breier ut teppe, dei et og drikk. 'Reis dykk, hovdingar, smør olje på skjold!' For så har Herren sagt til meg: 'Gå og set ut ein vaktpost! Det han ser, skal han melda! Ser han eit tog med vogner og hestar, eit tog av esel, eit tog av kamelar, då skal han lyda etter, lyda vel etter.' Og vaktmannen ropa: 'Herre, dagen lang står eg på vakt, eg er på min post kvar einaste natt. Sjå, der kjem eit tog av vogner med folk og hestespann. Så tek han til ords og seier: 'Fallen, fallen er Babylon! Alle gudebileta i byen er knuste og slengde til jorda.'»

«There must be some way out of here,» said the joker to the thief,
«There’s too much confusion, I can’t get no relief.
Businessmen, they drink my wine, plowmen dig my earth,
None of them along the line know what any of it is worth.»

Bob Dylan

Den uvanlege strukturen og forteljinga vart omtalt av ein engelsk litteraturprofessor, Christopher Ricks, som sa at songen var eit døme på Dylan som prøvde å manipulere kronologisk tid: «Ved slutten av siste verset, er det som om songen på merkeleg vis endeleg startar og som om myta startar om att.»[5]

John Wesley Harding kom ut 27. desember 1967. Songen var den andre singelen frå albumet og kom ut 22. november 1968, men gjekk ikkje inn på listene. Ei konsertutgåve av songen finst på albumet Before the Flood og vart gjeven ut som B-side til «Most Likely You Go Your Way (And I'll Go Mine)» i 1974. På konsertane sine har Dylan spelt songen mykje nærare Hendrix-utgåva enn si eiga orignalutgåve.[6] Michael Gray skriv at dette er den songen Dylan har spelt oftast og i følgje ei eiga teljing har Dylan spelt songen 1393 gonger mot slutten av 2003.[6]

Den originale innspelinga av «All Along the Watchtower» finst på dei fleste samleplatene til Dylan.

The Jimi Hendrix Experience endre

All Along the Watchtower
Singel av The Jimi Hendrix Experience
frå albumet Electric Ladyland
B-side

«Burning of the Midnight Lamp» (USA), «Long Hot Summer Night» (UK)

Språk engelsk
Utgjeve 21. september 1968
Innspelt Olympic Studios, London, januar 1968; Record Plant Studios, New York, juni–August 1968
Sjanger Rock, psykedelisk rock
Lengd 4:00
Selskap Reprise, Track, Polydor, Barclay
Komponist Bob Dylan
Tekstforfattar Bob Dylan
Låtskrivar(ar) Bob Dylan
Produsent Jimi Hendrix
The Jimi Hendrix Experience-kronologi 
«Up from the Skies»
(1968)
All Along the Watchtower «Crosstown Traffic»
(1968)


Jimi Hendrix Experience spelte inn si eiga utgåve av «All Along The Watchtower» den 21. januar 1968, i Olympic Studios i London.[7] Den første utgåva av songen vart miksa den 26. januar, men Hendrix var ikkje nøgd med resultatet og spelte seinare inn delar av gitaren på ny sommaren 1968 i Record Plant i New York.[8] Den endelege utgåva vart gjeven ut på albumet Electric Ladyland i september 1968. Singelen nådde femteplass i Storbritannia og 20. plass i USA, den høgaste plasseringa til Hendrix i heimlandet. Songen vart òg rangert på 5. plass av Gitar World på lista deira over dei 100 beste gitarsoloane gjennom tidene.[9]

Dylan skildra reaksjonen sin då han høyrte Hendrix-utgåva: «Det var verkeleg overveldande. Han hadde slikt talent. Han kunne finne ting i ein song og verkeleg utvikle dei. Han fann ting som andre aldri ville tenke på å finne der. Han betra truleg songen med mellomromma han brukte.»[10] Dylan sa i heftet som følgde med Biograph-albumet: «Eg likte Jimi Hendrix si innspeling av denne og sidan den gong har eg prøvd å gjere han på same vis. Det er merkeleg at når eg syng songen, så føler eg at det på eit vis er ei hyllest til Hendrix»

Denne utgåva av songen er rangert på 48. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største songane gjennom tidene. I 2000 rangerte det britiske magasinet Total Gitar songen øvst på lista deira over dei beste coverversjonane gjennom tidene.[11]

Andre utgåver endre

Mange andre artistar har spelt songen, mellom desse U2, Dave Matthews Band, Dionysis Savvopoulos, Neil Young, Grateful Dead, Bryan Ferry, Pearl Jam, Chris de Burgh, Lisa Gerrard, Indigo Girls, Lenny Kravitz, John Mellencamp, Bobby Womack, Paul Weller, Phish, Richie Havens, Spirit, Taj Mahal, The Allman Brothers Band, The Fratellis, The Killers og XTC

Hendrix-utgåva av songen er nytta i mange filmar, som Withnail and I, Rush, Land of the Lost, Private Parts, Forrest Gump, A Bronx Tale, Vegas Vacation, Tupac: Resurrection, Brian's Song og Watchmen.

Kjelder endre

  1. «The Bob Dylan Motorcycle-Crash Mystery». American Heritage. 20. juli 2006. Arkivert frå originalen 6. november 2006. Henta 6. mars 2010. 
  2. Clark s. 108
  3. Sounes s. 227-8
  4. Gray s. 356-7
  5. Ricks s. 359
  6. 6,0 6,1 Gray, 2006, The Bob Dylan Encyclopedia, s. 7.
  7. Eddie Kramer, 'Hendrix: Setting The Record Straight, s. 135
  8. Eddie Kramer, 'Hendrix: Setting The Record Straight, s. 174
  9. arkivkopi, arkivert frå originalen 27. juli 2021, henta 6. mars 2010 
  10. «Interview with Dylan: 09/29/95». Fort Lauderdale Sun Sentinel. 29. september 1995. 
  11. «The Best Cover Versions Ever», Total Gitar (Future Publishing), August 2000 

Bakgrunnsstoff endre