All the Madmen
Song av David Bowie
frå albumet The Man Who Sold the World
Utgjeve 4. november 1970 (USA)
April 1971 (UK)
Innspelt Trident og Advision Studios, London
18. april - 22. mai 1970
Sjanger Psykedelisk rock, hardrock, glamrock, heavy metal
Lengd 5:38
Selskap Mercury Records
Låtskrivar(ar) David Bowie
Produsent Tony Visconti

«All the Madmen» er ein song skriven av David Bowie i 1970 for albumet The Man Who Sold the World, gjeven ut i november i USA og april 1971 i Storbritannia. Songen er ein av fleire på albumet som omhandlar galskap, og er blitt sagt å skildre ei verd med «så stor mangel på fornuft at dei siste vettige folka er dei som held til på sinnsjukehuset.»[1]

Bakgrunn endre

Familien til Bowie, på morssida hans, var plaga av mental sjukdom. Tanta til Una hadde vore innlagd for depresjon og schizofreni, og fekk elektrosjokkbehandling før ho døydde seint i 30-åra. Ei anna tante hadde schizofrene episodar, medan ei tredje hadde blitt lobotomisert.

Mest av alt var det sonen til mora, eller halvbroren til David Bowie, Terry Burns som etter kvart fekk diagnosen paranoid schizofreni. I 1966, då Bowie og Burns var på veg til ein Cream-konsert, fall Burns skrikande ned på gata og hevda han såg flammar stige opp av sprekkar i fortauet. Då The Man Who Sold the World vart spelt inn, var Burns blitt innlagt på Cane Hill Hospital i London. Bowie frykta at noko liknande kunne skje med han sjølv, og dette låg bak mykje av musikken hans i 1970-åra som handla om identitet, kontroll, galskap og frykt.

Musikk og tekst endre

'Cause I'd rather stay here
With all the madmen
Than perish with the sad men
Roaming free

David Bowie (1970)

Songen opnar med akustisk gitar og blokkfløyte, og skaper ein atmosfære som Bowie-biografen David Buckley skildra som «barneliknande galskap»,[2] før han vert omforma til ein tung rockesong med elektrisk gitar av Mick Ronson og Moog synthesizer, spelt av Ralph Mace. Seinare spelar Ronson melodisk sologitar, før han går attende til tunge riff og så melodisk sologitar att når songen går mot slutten. Tilfeldigvis spelte Ronson same året sologitar på Elton John-songen «Madman Across the Water».

Songar endar med setninga «Zane zane zane, ouvrez le chien». Den siste setninga tyder bokstavleg talt «opne hunden» på fransk og syner til ei setning i Also sprach Zarathustra: «Thy wild dogs want liberty; they bark for joy in their cellar when thy spirit endeavoureth to open all prison doors.»[3]

Produksjonen av songen gjorde nytte av varispeed-vokal, som Bowie først hadde nytta for komisk effekt på «The Laughing Gnome» i 1967. Bowie har sagt at songen var skriven for og om halvbroren Terry, som var schizofren og innlagt på Cane Hill mentalsjukehus (avbilda på det originale amerikanske omslaget til The Man Who Sold the World) før han tok sjølvmord i 1985.[4] Teksten inneheld referansar til lobotomi, det beroligande middelet Librium og EST, eller elektrosjokkbehandling, ein kontroversiell behandling av somme typar djup depresjon og mentale sjukdommar.

Utgjeving og ettermæle endre

Songen var det andre sporet på The Man Who Sold the World og vart gjeven ut av Mercury Records i forkorta form som ein promosingel (med same song på begge sider av plata) i USA i desember 1970, før turneen til Bowie starta der tidleg i 1971.[4] Ei offisiell utgjeving som singel med «Janine» frå det førre albumet hans David Bowie som B-side var planlagt, men skrinlagd.[5] I juni 1973 gav RCA Records, som hadde gjeve ut albumet på ny året før, «All the Madmen» ut som singel i Aust-Europa, med «Soul Love» frå The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars som B-side.

Det einaste opptaket av Bowie som spelar songen i 1970-åra var på ein fest i Los Angeles hos Rodney Bingenheimer tidleg i 1971. Dette dårlege opptaket dukka opp i 2004 i ein dokumentarfilm om livet til Bingenheimer, Mayor of the Sunset Strip.

Bowie spelte songen på turneen Glass Spider i 1987, men han kom ikkje med på videoutgjevinga frå konsertane[4] før ei spesialutgåve kom på DVD i 2007, der han berre var med som eit lydspor. I lag med «After All», frå same albumet, har det «gotiske melodramaet» i «All the Madmen» vorte sagt å ha hatt stor innverknad på band som Siouxsie and the Banshees, The Cure og Nine Inch Nails.[2]

Andre utgjevingar endre

I tillegg til singelen i Aust-Europa i 1973, kom songen ut på den russiske samleplata Starman i 1989.

I 2015 vart den kortare singel-versjonen av songen offisielt gjeven ut for første gongen på Re:Call 1, ein del av samleboksen Five Years (1969–1973).

Andre versjonar endre

Medverkande endre

Kjelder endre

  1. Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Bowie: An Illustrated Record: s.38
  2. 2,0 2,1 David Buckley (1999). Strange Fascination - David Bowie: The Definitive Story: s.99-102
  3. http://nietzsche.thefreelibrary.com/Thus-Spake-Zarathustra/10-1
  4. 4,0 4,1 4,2 Nicholas Pegg (2000). The Complete David Bowie: s.22
  5. "All the Madmen" at Illustrated db Diskografi[daud lenkje]

Bakgrunnsstoff endre