Allegori (frå gresk 'seia noko anna') er ein utvida metafor eller ei omfattanda biletfamstilling som kan brukast som verkemiddel innan tekst og biletkunst. Omgepet viser særleg til ei konkret framstilling av noko abstrakt, til dømes personifiseringa av døden som mannen med ljåen.

Allegorisk framstilling av dei tradisjonelle sju frie kunstene som personar: Grammatikk, retorikk, dialektikk, musikk, aritmetikk, geometri og astronomi.
Ilustrasjon til Reisa mot vest.

Allegori i litteraturen endre

Allegorisk litteratur er ei framstilling med overførd tyding der ein bruker eit gjennomført mønster av bilete. Medan metaforar og symbol kan brukast åleine i ein tekst, er allegorien ein struktur av ulike verkemiddel som gjer at ein tekst kan forståast på eit anna tydingsplan. I moderne litteraturvitskap har omgrepet fått ei noko annan og utvida tyding, i og med at det blir brukt meir generelt i tilknyting til språket si figurative eller overførte tyding.

Nokre døme på allegoriske verk er mellom anna Reisa mot vest av Wu Cheng'en frå 1590-åra, ei forteljing om ei buddhistisk pilgrimsreise som òg kan stå for ei indre reise mot opplysing; og The Pilgrim's Progress (1678) av John Bunyan, ei forteljing om «Christian» si reise til «Celestial City» med klar protestantisk vinkling. Animal Farm (1945) av George Orwell framstiller ein bondegård som blir teken over av husdyra og er ein allegori over Sovjetunionen under stalinismen. Haiene (1974) av Jens Bjørneboe, som på overflata handlar om ein overfart og eit forlis i Indiahavet, kan lesast som ein allegori for verdssamfunnet eller menneskelivet.[1]

 
Allegori over nasjonar: Gallia vernar Bayern. Måleri frå 1805 av Marianne Kürzinger.

Allegorisk kunst endre

Også innan biletkunst er allegori ei meir omfattande framstilling enn eit enkelt symbol. Både symbol og allegori har stor tyding i kunsten. Ein utbreidd måte å bruka allegori på er å framstilla abstrakte idear, som fred, rett, musikk, stader eller ulike nasjonar, som personar.

Ein finn allegori allereie i kunst frå antikken, i mellomalderen fekk verkemiddelet ei viktig tyding innan kyrkjekunst, og under renessansen blei det framstil allegoriar inspirert av antikken og etter nye idear. Nokre kjende døme er Våren (La Primavera) av Botticelli og Melencolia I av Albrecht Dürer.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. Allegori ved Nasjonal digital læringsarena (NDLA)

«allegori» i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Allegori
  Denne litteraturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.