Ein allofon er ein måte å uttala eit fonem på, lydleg realisert som ein fon. Fleire liknande fonar kan høyra til den same allofonen. Fleire allofonar kan igjen høyra til det same fonemet. Til skilnad frå fonema, har ikkje allofonane tydingsskiljande funksjon i språket.

Inndelinga i fonem og allofonar er ulik frå språk til språk. På norsk brukar me til dømes aspirert /p/ når lyden står åleine først i eit ord ([phark]), men uaspirert /p/ når han kjem etter /s/ ([spark]). Kinesisk er eit døme på eit språk der /p/ og /ph/ er to ulike fonem.

Når to allofonar opptrer i ulike lydlege samanhengar innan det same talemålet, som norsk [p] og [ph], seier me at dei er komplementært distribuerte. Bruken av enkelte andre allofonar varierer med dialekten til språkbrukaren. Dei ulike r-lydane i norsk er eit døme på dette. Ordet «rar» tyder nett det same om det vert uttalt med skarre-r eller med rulle-r. Me kallar slike allofonar dialektalt distribuerte.

I IPA-lydskrifta vert allofonar skrivne i hakeparentes for å markera fonetisk transkripsjon ([p]).