Alpha Regio er eit isolert høglandsmassiv på Venus med komplekse strukturar. I 1963 vart Alpha Regio den fyrste landforma på Venus som vart oppdaga frå jordbasert radar.[1]

3D-bilete av eit utsnitt av Alpha Regio laga av radar- og høgdedata frå Magellan-sonden

Området er kan henda best skildra som eit platå kringsett med grupperingar av høge vulkanske kuplar. Sentrum av området er rundt og har ei snitthøgd på 0,5 km.

Kjelder endre

  • Denne artikkelen baserer seg i hovudsak på artikkelen «Alpha Regio» s. 11 i Philip's Astronomy Encyclopedia utgjeven i 2002. Andre kjelder er oppgjevne under:
  Denne astronomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.