Alta

by i Finnmark

Alta er ein by og administrasjonssenteret i Alta kommune, vest i Finnmark. Han har litt over 15 000 innbyggjarar, og er den største byen i Finnmark.[1] Byen femner Bossekop, Bukta, Elvebakken, Midtbakken og Sentrum, som er vaksne saman til ein langstrekt tettstad. Dei blei innlemma i Alta då tettstaden fekk bystatus i 2000.[2]

Alta
By
Land  Noreg
Fylke Finnmark
Kommune Alta
Areal 9,81 km²
Folketal 15 931  (2023)
Folketettleik 1 624 / km²
Postnummer 9501
Innbyggjarnamn altaværing
Preposisjon i Alta
Kart
Alta
69°58′07″N 23°16′17″E / 69.96861111°N 23.27138889°E / 69.96861111; 23.27138889
Wikimedia Commons: Alta (town)

Kultur og utdanning endre

I Alta sentrum ligg Storsteinen, med 600 helleristingar frå Komsakulturen (3500-1500 fvt.). Nordlyskatedralen blei vigsla 10. februar 2013.[2]

Nordlysbadet har eit konkurransebasseng på 25 meter. Finnmarkshallen er ein fleirbrukshall frå 1996.[2]

Avisa Altaposten kjem ut i byen.

Alta er det viktigaste skulesenteret i Finnmark, med mellom anna vidaregåande skule og folkehøgskule. Noregs arktiske universitet har ei avdeling i Alta, Campus Alta, som utdannar ingeniørar og lærarar.[3]

Aronnesrocken er ein årleg rockefestival på Aronnes.[2] Finnmarksløpet blir halde årleg med start og mål i Alta sentrum.[2] Sykkelrittet Arctic Race of Norway 2014 hadde målgang for 2. etappe og start for 3. etappe i Alta sentrum. Arctic Race of Norway 2018 blei avslutta i Alta med ein etappe frå Kvalsund.[2]

Næringsliv endre

Mykje av industrien i kommunen er konsentrert i og kring tettstaden. Her finn ein fleire trevarefabrikkar og sagbruk, betongvarefabrikk,skiferbrudd, handelsgartneri, meieri og maritim sørvis.[2] Mange innbyggjarar pendler med båt til Stjernøya i Altafjorden, der det er gruvedrift. Ein henter ut mineralet nefelinsyenitt frå fjellet Nabbaren.[4]

Transport endre

Lufthamna i byen ligg attmed Vestre Elvebakken.

Kjelder endre

  1. «Tettsteders befolkning og areal», ssb.no (på norsk), 3. desember 2018, henta 9. mai 2019 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 Askheim, Svein (6. august 2018). «Alta – by». Store norske leksikon (på norsk). 
  3. Ole Magnus Rapp (16. april 2019). «Klarsynt i Alta». Klassekampen. s. 8. 
  4. Ole Magnus Rapp (2. september 2017). «Det ettertraktede mineralet nefelinsyenitt hentes fra fjellet Nabbaren i Finnmark: Gruva som er gull verdt». Klassekampen. s. 16.