Altar eller alter (av latin altare, frå altus, 'høg') er ei nemning på ulike opphøgde stader brukte i religiøs samanheng. Altaret er som regel ein stad der ein legg offer og kan også brukast til å ha bilde av gudar eller opphøgde personar.

Kristne munkar kneler framfor altaret til ein helgen.

Antikke altar endre

Ein kjenner til altar frå ein rekkje oldtidskulturar. Dei blei ofte brukte til brennoffer, gjerne til himmelgudar.

Asiatiske altar endre

Ein finn altar vigde forfedrar, opphøgde personar eller gudar i fleire ulike asiatiske religionar. Altara kan høyra til heimar, der dei kan vera laga til på bord eller hyller, eller tempel, der ein typisk har ei opphøging framfor eit gudebilde der offer kan plasserast.

Kristne altar endre

I kristne kyrkjer er altaret eit bord i koret der gudstenesta blir halden og fleire kyrkjelege handlingar utførte. I kyrkjer der det er fleire altar, blir det som står i koret kalla høgaltar medan dei andre blir kalla sidealtar. I ortodokse kyrkjer er altaret skjult frå kyrkjelyden av ikonostasen, som berre blir opna til visse tider under gudstenesta.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

«alter» i Store norske leksikon, snl.no.

  Denne religionsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.