Hugo Alvar Henrik Aalto (3. februar 189811. mai 1976) var ein finsk arkitekt og formgjevar, ein av dei best kjende finske arkitektane gjennom historia.

Alvar Aalto

Statsborgarskap Finland
Fødd 3. februar 1898
Kuortane
Død

11. mai 1976 (78 år)
Helsingfors

Yrke arkitekt, designar, byplanlegger
Språk finsk
Medlem av American Academy of Arts and Sciences, CIAM, American Academy of Arts and Letters, Koninklijke Vlaamse Academie van België voor Wetenschappen en Kunsten, Accademia delle Arti del Disegno
Ektefelle Aino Aalto, Elissa Aalto
Signatur
Alvar Aalto på Commons
Operahuset Aalto-Theater i Essen i Tyskland.

Livssoge endre

Aalto vart fødd i 1898 i Kuortane og døydde i 1976 i Helsingfors. Foreldra hans var landmålar Johan Henrik Aalto og Selly Matilda Aalto (f. Hackstedt).

Alvar Aalto studerte arkitektur ved Tekniska högskolan i Helsingfors frå 1916 til 1921. Han reiste då attende til Jyväskylä, der han opna sitt fyrste arkitektkontor i 1923. Året etterpå gifta han seg med Aino Marsio, som var arkitekt, interiør-, glas- og møbelformgjevar. Dei heldt saman frå 1924 til 1949. Den andre kona hans var arkitekten Elsa-Kaisa (Elissa) Mäkiniemi.

Arkitektur endre

 
Auditoriet til den tekniske høgskolen i Helsingfors er teikna av Aalto.

Alvar Aalto er ein av dei mest kjende finske arkitektane gjennom historia, og var banebrytande innan moderne arkitektur. Mellom kjende bygg teikna av Aalto er Finlandiahuset i Helsingfors og eit bustadområde i Seinäjoki. I bustadområdet inngår kyrkje, rådhus, bibliotek, teater og politistasjon. Det meste av arkitekturen hans var nydannande.

Bygg i utlandet er mellom anna studentbustader ved MIT i Boston, bustader i Zürich og eit kunstmuseum i Shiraz i Iran. I Sverige har han teikna huset til Västmanlands-Dala Nation, ved Sysslomansgatan i Uppsala.

Aalto er kjend som ein funksjonalist som strevar etter enkle, geometriske, vakre og samtidig fungerande bygningar. Funksjonalismen hans har komme i konflikt med det estetiske idealet, valet av marmor som fasademateriale på Finlandiahuset er vakkert, men passar dårleg med det finske klimaet, og har allereie blitt skifta ut ein gong.

Aalto tok til å arbeide med funksjonalismen på 1920-talet, ikkje direkte i Bauhaus-versjonen, men med ein eigen filosofi, der omsynet til dei grunnleggjande behova til menneska stod sentralt.

Typisk for Aalto er at han tar tak i dei reine linene til funksjonalismen, og bryt dei opp i organiske boger, som til dømes i operahuset i Essen.

Formgjeving endre

 
Stolar og bord av formgjevaren Aalto.

Aalto vart i tillegg vidgjeten som formgjevar. Han arbeidde mykje med formgjeving av glas, eit døme er den såkalla Aalto- vasen. Andre kjende verk er Kulturhuset i Helsingfors, Rovaniemi bibliotek og Viborg bibliotek. Aalto teikna den finske paviljongen på verdsutstillinga i 1939.

Aaltoglas (både av Aino og Alvar) vert produsert av Iittala. Aaltomøblar vert produsert av Artek, eit føretak Aalto var med på å grunnleggja. Mellom anna har Aalto formgjeve fleire stolar.

Dei mest kjende møblane til Aalto er dei tre- og firbeinte krakkane, stol og lenestol. Krakken er ein av dei mest kopierte møblane til Aalto, spesielt er det mange kopiar av den firbeinte krakken. Mange av møblane sine planla Aalto i samarbeid med Korhonens møbelfabrikk (Korhosen huonekalutehdas).

Produksjon endre

Viktige bygg endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Alvar Aalto

Arkiv endre

Katalogar endre

Bygg endre

Formgjeving endre