Am Bàthach
Am Bàthach er eit fjell i Skottland ved botn av Glen Shiel, vest for Loch Cluanie om lag 38 km søraust for Kyle of Lochalsh.
Am Bàthach | |||
Fjøset | |||
Corbett, marilyn | |||
Am Bàthach frå Ciste Dhubh, 2,5 km mot nord
| |||
Land | Skottland | ||
---|---|---|---|
Del av | Northwest Highlands | ||
Fjellkjede | Northwest Highlands | ||
Topp | Kintail i Highland | ||
- høgd | 798 moh. | ||
- Primærfaktor | 231 m | ||
Am Bàthach 57°10′44″N 5°11′20″W / 57.1788°N 5.189°W | |||
Wikimedia Commons: Am Bàthach | |||
Am Bàthach er 798 meter over havet og er ein einsam Corbett omgjeve av langt høgare munroar. Dei graskledde sidene står i sterk kontrast til dei meir berglendte toppane rundt.
Ryggen på toppen av Am Bàthach er om lag ein kilometer lang og det høgaste punktet ligg lengst nord. Ein annan topp på 734 meter over havet ligg i sørenden.
Kjelder endre
- Denne artikkelen bygger på «Am Bàthach» frå Wikipedia på engelsk, den 23. mars 2011.