Amaterasu (天照), Amaterasu-ōmikami (天照大神/天照大御神) eller Ōhiru-menomuchi-no-kami (大日孁貴神) er solgudinna i japansk mytologi og ein av dei viktigaste guddomane (神, kami) i shintoismen. Namnet hennar, Amaterasu-ōmikami, tyder «den store august-kamien som skin på himmelen».[a] Ho vart fødd frå det venstre auget til Izanagi medan han reinsa seg i ei elv og fór vidare for å verte herskaren av Takamagahara (den himmelske sletta).

Solgudinna kjem fram frå ei hòle og gjev verda solskin att

Det vert sagt at ho er direkte knytt til slekta av det japanske keisarhuset og keisaren av Japan, som vert sett på som etterkommarane av gudinna.

Sjå òg endre

Merknadar endre

  1. Ama tyder 'himmel'; tera er ei bøyingsform av teru, 'å skine'; su er eit heiderleg hjelpeverb som viser ein respekt; til sist tyder 'amaterasu' å 'skine på himmelen'. «Ō» tyder 'store' eller 'mektige'; «mi» er eit suffiks for høgborne og opphøgde vesen.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Amaterasu