Ein ambolt (eller eit ste) er ei massiv blokk av stein eller metall. Ambolten vert brukt som støtte når ein arbeider med andre objekt ved hamring eller meisling, som til dømes når ein smir jarn og stål.

Ambolt
Ambolt
Ein smed arbeider med jarn med hammar og ambolt

Historie endre

Amboltar har vorte brukte sidan tidleg i bronsealderen av alle typar smedar til arbeid med metall, sjølv om verktøyet òg vart brukt endå lenger attende til arbeid med stein og flint.

Det finst mange referansar til amboltar i det antikke Hellas og det antikke Egypt, mellom anna i Homer sine verk. Ambolten vart forbetra i mellomalderen, då arbeid med jarn var svært vanleg.

Amboltar i kulturen endre

Fjernsyn og film endre

Amboltar med eit horn i den eine enden og ei flat side i den andre, vert ofte brukt i teiknefilmar, der dei ofte fell ned på skurken. Dette er veldig ofte brukt i Warner Bros. sine Looney Tunes- og Merrie Melodies-teiknefilmar, og seinare har andre teiknefilmar og brukt dette, inspirert av desse korte filmane. Mange i dag har kanskje berre sett aboltar som ein rekvisitt i teiknefilmar, og veit ikkje at desse eigentleg vert brukte i arbeid med metall.

Musikk endre

Amboltar har òg vorte brukte som slagverksinstrument i fleire populære musikkomposisjonar. I Giuseppe Verdi sin opera Il Trovatore slår sigøynarar på amboltar i første scene av akt 2 i songen «Coro di Zingari», på engelsk gjerne kjend som «Anvil Chorus». Ambolt blir også brukt i operaen Antigone av Carl Orff og i Das Rheingold og Siegfried av Richard Wagner. Førstnemnde nyttar 18 amboltar stemde til F i tre oktavar, medan sistnemnde særleg er kjend for bruken i akt 1, i Nothung! Nothung! Neidliches Schwert! I annan klassisk musikk blir amboltar brukt i «Song of the Blacksmith» i Second Suite in F for Military Band av Gustav Holst, Feuerfest!, op. 269 (1869) av Josef Strauss,[1] Dwellers of the Western World av John Philip Sousa, med ein stor og ein liten ambolt i andresatsen The White Man, The Burning Fiery Furnace av Benjamin Britten, Ionisation av Edgard Varèse og Belshazzar's Feast av William Walton.

Innan filmmusikk har amboltar vore brukt av James Horner i Aliens og andre filmar, som Flightplan, The Forgotten og Titanic, av John Williams i Jaws og Star Wars: Episode III – Revenge of the Sith, av Brad Fiedel i The Terminator, av Alan Silvestri i The Mummy Returns, av Don Davis i The Matrix-trilogien og av Howard Shore i The Lord of the Rings-filmane, særleg i musikk knytt til Isengard.

The Beatles brukte instrumentet i songen «Maxwell's Silver Hammer», der Ringo Starr spelte ambolt.

Underhaldning endre

Tidlegare skaut folk i sørlege USA opp amboltar som underhaldning i staden for fyrverkeri.

Litteratur endre

Amboltprisen er ein norsk litteraturpris med ein ambolt som symbol. Prisen vert delt ut til folk som har gjort Olav H. Hauge si dikting kjend.

Kjelder endre

  1. Scott, Derek B. (2008). Sounds of the metropolis: the nineteenth-century popular music revolution in London, New York, Paris, and Vienna, p. 139. Oxford University Press, New York. ISBN 978-0-19-530946-1.