American Geographical Society

American Geographical Society (AGS ) er ein samskipnad for profesjonelle geografar, danna i 1851 i New York. Dei fleste medlemmane i samskipnad er amerikanarar, men blant dei har det òg vore ganske mange medlemmar frå rundt om i verda. Samskipnaden oppfordrar til aktivitetar som utvidar geografiske kunnskapen, og presenterer og tolkar denne kunnskapen slik at han kan forståast og blir ikkje berre brukt av geografar, men av andre òg, spesielt politikarar.

Tidlegare hovudkvarter.

Samskipnaden utgjev Geographical Review, eit kvartalsvis vitskapleg tidsskrift vigd utelukkande til geografi, og som inneheld originale og autoritative artiklar om alle aspekt av geografi. Kvar utgåve inneheld òg vurderingar av nyare atlas, monografiar og bøker om geografi og nærskylde felt.

Bakgrunnsstoff endre