Amerikahummar

nordamerikansk hummer-art
(Omdirigert frå Amerikansk hummar)
Amerikahummar
Amerikahummar
Amerikahummar
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: Framandart med svært høg risikoUtbreiinga av amerikahummar
Utbreiinga av amerikahummar
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Leddyr Arthropoda
Underrekkje: Krepsdyr Crustacea
Klasse: Storkreps Malacostraca
Orden: Tifotkreps Decapoda
Familie: Hummarfamilien Nephropidae
Slekt: Homarus
Art: Amerikahummar H. americanus
Vitskapleg namn
Homarus americanus

Amerikahummar (Homarus americanus) er ein hummar-art som finst naturleg langsmed austkysten av Nord-Amerika frå Cape Hatteras, North Carolina i sør til Newfoundland i nord. Arten er registrert seksten gongar i Noreg, og vert rekna som farleg ifølgje Norsk svarteliste 2007.

Skildring endre

Amerikahummar høyrer til tifotkrepsane og har såleis fem par gangbein, kor dei første er omdanna til kraftige klør. Han har ledda bakkropp med kraftige uropodar (halevifte). Fargen varierer frå grøn til brun-oransje, i motsetnad til den vanlegvis blåsvarte europeiske hummaren. Begge artane opptrer derimot relativt regelmessig i avvikande fargevariantar, noko som kan gjera det vanskeleg å skilja dei frå kvarandre. Vanlegvis har amerikahummar ein pigg eller fleire på undersida av pannehornet rostrum, men den einaste sikre måten å skilja artane er DNA-analyse.

Normalt er ein amerikahummar 20 til 60 cm lang og mellom 1/2 og 4 kg, men eksemplar på opp til 1 meter i lengd og 20 kg i vekt har vorte registrert. Dette gjer at arten er det tyngste krepsdyret i verda i dag.

Levesett endre

Amerikahummar er altetande og finst i ei rekkje ulike habitat: Mudderbotn, sandbotn, ålegrasenger, steinbotn og hardbotn. Til skilnad frå den europeiske hummaren, som berre finst på grunnare vatn, finst han heilt frå strandsonen og ned til rundt 700 m djup. I det naturlege utbreiingsområdet til arten ligg temperaturane oftast mellom 5 og 20 °C, men han kan tola både kaldare og varmare vatn.

Paringstida skjer når hoa skiftar skal. Hannen gjev ho då «spermpakkar» som ho ber med seg medan ho utviklar rogn. Egga vert befrukta ved gyting ein god stund etter sjølve paringa; ofte kan det vera snakk om år. Dei befrukta egga vert borne med pleiopodane, «symjebeina» på bakkroppen. Ho kan bera på dei i 9-16 månadar, avhengig av temperatur. Det er storleiken på individet som avgjer kor mykje avkom det får, ei ho kan produsera alt frå nokre få tusen til nesten 100 000 egg. Desse er mindre enn egga til europeisk hummar, så amerikahumrane er meir fruktbare.

Det planktoniske larvestadiet varer frå to veker til ein knapp månad, og er såleis for kort til at spreiing mellom kontinenta i dette stadiet vert rekna som sannsynleg. Eksemplar i europeisk farvatn er mest sannsynleg opphavleg importerte som levande sjømat.

Amerikahummar i Noreg endre

Amerikahummar er i Noreg hovudsakleg funnen i nærleiken av dei store byane: I Oslofjorden og ved Risør, Kristiansand, Bergen og Ålesund. Alle eksemplar som er funne har vore vaksne, og mange av dei har hatt strikk eller merke etter det rundt klørne. Det er lite truleg at arten er særleg vanleg langs norskekysten, men han vert likevel rekna som økologisk farleg.

Forsøk ved Akvariet i Bergen har vist at amerikahumrar er flinkare enn europeiske til å hevda territorium, og at dei konkurrerer om dei same revirområda. I tillegg kan arten vera smitteberar for ei rekkje farlege hummarsjukdommar.

Bakgrunnsstoff endre