Amerikansk pitbullterrier

Amerikansk pitbullterrier
Norsk namn
Amerikansk pitbullterrier, pitbull
Heimland
USA
Hundetype
Terrier, dogge, pitbull
Habitat
USA, Amerika
Klassifisering
NKK: Inga anerkjenning
FCI: Inga anerkjenning
AKC: Inga anerkjenning
CKC: Inga anerkjenning
KC: Inga anerkjenning
UKC: Terriers
Norsk raseklubb
Ingen
Rasestandard
UKC
Brukseigenskaper
Selskapshund, politihund[1], terapihund[2]
Forventa livsløp
8-16 år år
Storleik
Middels (14-27 kg)
Rasen passar for
Erfarne hundefolk

Amerikansk pitbullterrier er ein amerikansk hunderase av terrier-type, som opphavleg vart avla fram som kamphund, men som no i hovudsak vert brukt som selskapshund og vakthund. Han er i dag forboden i fleire land, m.a. i Noreg, der han har vore forboden sidan 1991. Forbodet er omdiskutert, og har møtt sterk motstand i fagmiljøa. Det vert mellom anna ikkje støtta av Norsk Kennel Klub (NKK). Amerikansk pitbullterrier er den nest mest populære rasen som vert registrert i United Kennel Club[3], bak jakthunden treeing walker coonhound.

Lynne og veremåte endre

Amerikansk pitbullterrier vart forboden i Noreg i 1991. Rasen blir oppfatta som ein farleg hunderase, mykje på grunn av tidlegare bruk som kamphund og fordi han er avla fram for dette føremålet[4]. Nokre hundeeigarar og -organisasjonar støttar ikkje slike forbod. Rasen kan med rett oppfølging og trening verta ein roleg og kjælen familiehund, men han kan ofte vera aggressiv mot andre hundar og dyr, og vanskeleg å trene.[5] Han treng difor sosialisering frå han er kvalp, og ein erfaren eigar.

Italia og Nederland har tidlegare hatt forbod mot denne rasen, men har oppheva det, på grunn av at det ikkje vart mindre angrep på menneske frå hund.[6][7]

I 2003 uttalte Kjersti Roland, raserepresentant for amerikansk staffordshire terrier («amstaff») i Norsk Terrierklubb at det fanst 1000 ulovlege hundar av rasen amerikansk pitbullterrier i Noreg[8], registrert som amerikansk staffordshire terrier. Pitbullterrier og amerikansk staffordshire terrier kan heller ikkje skiljast frå kvarande med DNA-analyse, fordi dei er svært like. Seinare har også amerikansk staffordshire terrier vorte forboden.

Opphav endre

Rasen har opphavet sitt i England i 1830-åra, då oksekamp, der hundane angreip oksar i flokk, vart forbode. Då blanda ein bulldog med terrier, og skapte ein kamphund som skulle brukast til såkalla hundekampar. Dessa rasane er no bullterrier, Amerikansk Staffordshire, Staffordshire bull terrier og pitbullterrier. Men hundane i USA hadde større innblanding av bulldog og mastiff, og fekk difor meire kraft på kroppen enn dei engelske, slanke, raske hundane. Rundt 1900 vart hundekampane forbodne, og hundane vart då avla om til ein selskapshund. I 1898 vart rasen godkjend av United Kennel Club (UKC)[9], men då var amstaff, staffordshire bull terrier og amerikansk pitbullterrier same rase, og pitbull og amstaff var like i mange år. I 1936 kom det eit skilje mellom desse rasane, så amerikansk pitbullterrier er eigentleg ein ganske ny rase. UKC er den einaste organisasjonen som har godkjent han som eigen rase.

Utsjånad, anatomi og fysikk endre

Pitbullterrier skal vere sterk, korthåra, middels stor og hardfør, med ein brei snute. Det finst fleire myter om kamphundar og anatomien, som at dei kan «låse» kjeven, slik at dei ikkje slepp før byttet døyr, men dette er ikkje sant[treng kjelde]. Derimot har dei ein kjeve som er sterkare enn mange andre middels store hundar, som vil kunne gjere stor skade dersom dei bit. Rasen er middels stor, med ei vekt på ca. 15–25 kg, og ei høgde på ca. 40–50 cm.

Kjelder endre