Amersfoort er ein kommune og by i Nederland i provinsen Utrecht. Med om lag 150 000 innbyggjarar er han den nest største kommunen i provinsen.

Amersfoort
[[Fil:|center|250px|]]
Flagget til Amersfoort Byvåpenet til Amersfoort
Flagget til Amersfoort Byvåpenet til Amersfoort


Plassering
Plassering av Amersfoort
Plassering av Amersfoort
Styresmakter
Land
Provinsar
 Nederland
Utrecht
Borgarmeister Albertine van Vliet-Kuiper
Geografi
Flatevidd
 - By
   - Land
   - Vatn

63,78 km²
  62,88 km²
  0,9 km²
Innbyggjarar[1]
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

156 773
  2 240/km²
Koordinatar 52°9′N 5°23′E / 52.150°N 5.383°E / 52.150; 5.383
Diverse annan informasjon
Nettstad: www.amersfoort.nl

Historie endre

Det er funne busetnader rundt Amersfoort som går tilbake til rundt 1000 f.Kr., men namnet Amersfoort (kall opp etter ein vadestad over elva Amer, som i dag heiter Eem) dukka først opp på 1000-talet. Han fekk byrettar i 1259 av biskopen av Utrecht Hendrik van Vianden. Det vart bygd bymurar rundt år 1300, men byen voks raskt og alt i 1380 måtte bymurane utvidast, og desse stod ferdig rundt 1450. Porten Koppelpoort er ein del av denne muren.

 
Koppelpoort i Amersfoort

Onze-Lieve-Vrouwentoren (Vår Frue sitt tårn) er eit av dei høgaste kyrkjetårna i Nederland med ei høgd på 98 meter. Bygginga av tårnet og kyrkja byrja i 1444. Kyrkja vart øydelagd i ein eksplosjon i 1787, men tårnet overlevde.

Den indre byen av Amersfoort har vorte godt bevart sidan mellomalderen, og bortsett frå Onze-Lieve-Vrouwetoren er dei største attraksjonane kyrkja Sint-Joris, Koppelpoort og Muurhuizen (Murhusa), som vart bygd langs den eldste bymuren.

I mellomalderen var Amersfoort eit viktig senter for tekstilindustri og det var mange bryggeri i byen. På 1700-talet blømde byen på grunn av dyrking av tobakk.

Under den andre verdskrigen låg det ein konsentrasjonsleir nær byen Amersfoort.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

Fotnotar endre