Amihan er ein vind på Filippinane i tida som er dominert av passatvindane, og vert skildra som ein kjølig nordaustleg vind.[1] Vinden fører med seg moderate temperaturar og lite eller ingen nedbør.

Amihanen starta ein gong i september eller oktober og endar i mai eller juni. Det kan derimot vere store variasjonar frå år til år.

Gjennom resten av året har Filippinane vestleg eller sørvestleg vind, i samband med monsunen[1], som her vert kalla habagat. Habagat-tida er varm og fuktig, med tung nedbør.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 English, Fr. Leo James (2004, 19th printing). Tagalog-English Dictionary. Manila: Congregation of the Most Holy Redeemer. ISBN 971-08-4357-5.