Amund Olsen Huser

Amund Olsen Huser (2. desember 182726. februar 1895) var ein underoffiser, gardbrukar og stortingsmann frå Rødenes i Østfold. Han var medlem av Stortingets Venstreforening.

Amund Olsen Huser
Fødd2. desember 1827
Rødenes kommune
Død26. februar 1895 (67 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkebonde, offiser, politikar
Alle verv

Far hans var gardbrukar i Rødenes. Sjølv tok han militær utdanning, vart sersjant 1849, kommandersersjant 1854 og var fanejunker 1860-73. I 1861 tok han over farsgarden og dreiv denne sidan. Frå 1864 var han medlem av heradsstyret, ordførar i ti år. Elles var han forlikskommissær frå 1858, formann i 'Rødenes brandassuranceforening' frå 1862, sparebankdirektør frå 1887, samt formann i matrikkelkommisjonen i heradet.

Huser var stortingsmann frå Smaalenenes amt frå 1877 til 1888. Perioden 1877-82 var han medlem av protokollkomiteen og 1883-88 medlem av Lagtinget og gasje- og pensjonskomiteen. I 1883-84 hadde han sete i riksretten mot Selmer-ministeriet.

Han døydde på garden sin i Rødenes i 1895.

Kjelder endre