Amund Ringnes' øy

Amund Ringnes' øy (engelsk Amund Ringnes Island) er ei av Sverdrupøyane i arktisk Canada. Øya har eit flateinnhald på 5 255 km² og er folketom.

Amund Ringnes' øy
øy
Land  Canada
Del av Sverdrupøyane
Areal 5 255 km²
Folketal 0
Kart
Amund Ringnes' øy
78°N 96°W / 78°N 96°W / 78; -96
Wikimedia Commons: Amund Ringnes Island
Satellittbilde av Amund Ringnes' øy.

Øya vart kartlagd under Otto Sverdrup sin «Fram»-ekspedisjon mellom 1898 og 1902, og fekk namn etter Amund Ringnes, ein norsk bryggerieigar som var med på å finansiere ekspedisjonen. Naboøya Ellef Ringnes' øy har namn etter broren Ellef Ringnes. Noreg gjorde krav på desse øyane frå 1902, eit krav som vart fråfalle i 1930.

Kjelder endre