Ana Dulce Ferreira Félix (fødd 23. oktober 1982) er ein portugisisk langdistanseløpar frå Guimarães som i 2012 vart europameister på 10 000 meter og i 2016 vann EM-sølv på same distansen.

Ana Dulce Félix


Statsborgarskap Portugal
Fødd 23. oktober 1982 (41 år)
Guimarães
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2012, Friidrett under Sommar-OL 2016

Utmerkingar

kommandør av Fortjenstordenen

Aktiv endre

Félix sigra i milløpet under europameisterskapen 2012 i Helsinki framom favoritten Joanne Pavey. Fire år seinare sette Félix personleg rekord på 10 000 meter med 31.19,0 då ho sprang inn til sølvmedalje i EM 2016 i Amsterdam, fire sekund føre bronsemedaljør Karoline Grøvdal.

Félix har elles utmerkt seg meir som terrengløpar enn baneløpar. Perioden 2010-13 sikra ho seg to individuelle VM-sølv og to individuelle VM-bronsar. Åra 2008, 2009 og 2010 vann Portugal og Félix gull i lagtevlinga i terrengløps-VM.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre