Anáfi

(Omdirigert frå Anafi)

Anáfi (gresk Ανάφη) er ei øy i Hellas som høyrer til Kykladane i Egearhavet. Ho ligg aust for øya Santoríni (Thíra).

Anáfi
Lokalt namn Ανάφη
Geografi
Stad Egearhavet
Koordinatar 36°22′N 25°47′E / 36.367°N 25.783°E / 36.367; 25.783
Øygruppe Kykladane

Areal 40,37 km²

Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Dei sørlege egeiske øyane
Thíra
Største busetnad Anáfi (284 innb.)

Demografi
Folketal 293 (2021[1])
Folketettleik 7,3 /km²

Anáfi er eigen kommune, og frå 2011 høyrer øya administrativt til under periferieininga Thíra i periferien Dei sørlege egeiske øyane.[2]

Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen Anáfi 293 innbyggjarar, medan tettstaden med same namn hadde 284 innbyggjarar.[1]

Øya har stort sett vore ukjend for ferierande i lang tid, men dei siste åra har ho vorte ein meir populær turiststad. Ho er ei svært lita øy med bratte klipper som gjev flott utsyn over sjøen og vakre solnedgangar.

I følgje gresk mytologi fekk øya namnet sitt fordi ho dukka opp frå djupet for å gje argonautane ein tilfluktsstad under ein kraftig storm. Andre seier at namnet kjem av det ikkje finst slangar på øya («An Ofis» tyder «utan slangar»). På øya står klosteret Panajía Kalamiótisσa og eit tempel bygd for guden Apolona.

Byar og tettstader endre

Byane og tettstadene i kommunen er:

Tettstad Folketal 2011[3] Folketal 2021[1]
Anáfi 256 284
Órmos Ajíou Nikoláou 3 5
Klisídi 12 4

Småøyar i kommunen:

  • Makrá (0)
  • Pakhiá (0)
  • Ftená (0)

Referansar endre

Kjelde endre