Anarâš-lostâ, eller rettare Anarâš, er eit enaresamisk blad som vart stifta i 1988. Bladet kjem ut 4 gonger i året i Enare, og redaktør er Fabrizio Brecciaroli. Alle artiklane i bladet er på enaresamisk, og det er den viktigaste arenaen for enaresamisk skriftkultur. Fram til 2017 var redaktør og sentral skribent i bladet Ilmari Mattus, som gjorde eit viktig arbeid for enaresamisk språk.

Anarâš-lostâ
Oppretta1988
Språkenaresamisk

Historikk endre

Bladet blir gjeve ut av Anarâškielâ servi, det var eit av dei første tiltaka denne foreininga tok initiativ til. Oppstarten var eit resultat av det første kurset i enaresamisk, som vart halde juni 1988 med Matti Morottaja og Pekka Sammallahti som lærarar. Kurset hadde 14 deltakarar, og tekstane dei skreiv dominerte det første nummeret. Bladet kom frå starten ut 2 gonger i året, men frå 1992 kom det ut 4 gonger. Etter at det nordsamiske tidsskriftet Sápmelaš gjekk inn i 2001 er Anarâš-lostâ det einaste samiskspråklege tidsskriftet som kjem ut i Finland.

I løpet av dei 35 første åra skreiv Ilmari Mattus rundt 1/4 av dei ca. 850 artiklane i bladet.[1] Andre sentrale forfattarar (med meir enn 10 forfattarar) var Matti Morottaja, Marja-Liisa Olthuis, Petter Morottaja, Iisak Mattus, Anssi Mattus, Sáárá Seipiharju, Anne Seipiharju og Eljas Niskanen.

Redaktørar endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre