Anatolij Serdjukov

russisk politikar

Anatolij Eduardovitsj Serdjukov (fødd 8. januar 1962 i Kholmskij i Krasnodar kraj) er ein russisk politikar. Han var forsvarsminister i Russland frå 2007 til 2012 og skatte- og avgiftsminister frå 2004 til 2007.

Anatolij Serdjukov
Анатолий Эдуардович Сердюков

Fødd8. januar 1962 (62 år)
Kholmskaya
Statsborgar avSovjetunionen, Russland
PartiSameint Russland
Yrkepolitikar, forretningsdrivande, samfunnsøkonom, næringslivsleiar
Utdanna vedjuridisk fakultet, Statsuniversitetet i St. Petersburg
Statsuniversitetet i St. Petersburg
EktefelleJevgenija Vasiljeva
VervForsvarsminister i Russland 15. februar 2007-6. november 2012
FøregangarSergej Ivanov
EtterfylgjarSergej Kuzjugetovitsj Sjojgu
Alle verv
  • Minister of Defense (2007–2012) Sjå dette på Wikidata

Serdjukov er utdanna innan økonomi og jus. Han fullførte si første utdanning i Leningrad i 1984, og tok ein ny grad ved St. Petersburg statsuniversitet i 2001.

I mai 2001 vart han nestleiar for Skatte- og avgiftsdepartementet si avdeling i St. Petersburg, i november same året vart han leiar for avdelinga. 2. mars 2004 vart han henta til Moskva som viseminister i Skatte- og avgiftsdepartementet, og berre to veker seinare tok han over som skatte- og avgiftsminister. 27. juli 2004 vart han leiar for Det føderale skattevesenet, underlagt Finansdepartementet.

15. februar 2007 utnemnde president Vladimir Putin han til ny forsvarsminister etter Sergej Ivanov. Han vart avsett 6. november 2012 i samband med ein korrupsjonsskandale.[1] Han blei etterfølgd av Sergej Kuzjugetovitsj Sjojgu.

Fotnotar endre

  1. «Russian Defence Minister Anatoly Serdyukov fired by Putin». BBC News. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Anatolij Serdjukov
  • Biografi på det russiske Finansdepartementet sin nettstad (på russisk, arkivert)