Anbeheitelse er bruk av forstavingane an- og be- og endingane -heit og -else i nynorsk.

Anbeheitelse er tradisjonelt sett rangt i nynorsk, men fleire og fleire ord vert og har vorte tillatne som fylgje av den tidlegare samnorskpolitikken i Noreg.

Somme meiner anbeheitelsen finst på grunn av påverknad frå norskdansk bokmål, andre seier dette er ordlagingselement som særleg kjem frå munnleg lågtysk, og som til liks med garpegenitiven og mange vanlege lånord har eksistert i norsk folkemål i mange hundre år.

Det har vore ein viss språkleg purisme i nynorsk-normeringa som har påbode norrøne eller nylaga avløysarord utan desse ordlagingselementa. Men fleire og fleire anbeheitelse-ord vert no tillatne i nynorsk.

Grunnen til det kan vere at purismen er svekt, at det blir lagt meir vekt på faktisk talemål i nynorsk-normeringa, og det kan vere påverknad frå bokmål, som har mange slike for- og etterstavingar.

Gjennom 1900-talet har likevel mange av avløysarorda tatt plassen til anbeheitelsar og ord med endinga -ning både i folkemålet og i bokmålet. Ord som ansøkning, omkostning, understøttelse, bekjentgjørelse og måteholdenhet har vike plass for orda søknad, kostnad, stønad, kunngjøring/kunngjering og måtehold/måtehald. Vanske for vanskelighet er òg ganske vanleg.

Spire Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.