Ancylussjøen er namnet på ein stor innsjø i området i og kring Austersjøen som erstatta Yoldiahavet etter at innløpet til sistnemnte lukka seg over det sentrale Sverige. Dette skjedde ved landheving etter den siste istida. Innsjøen eksisterte for kring 9500 til 8000 år sidan under boreal tid eller ancylustida. Innsjøen vart etter kvart Littorinasjøen då det stiande havnivået braut gjennom Storebælt.

Ancylussjøen for kring 8700 sidan. Restane etter den skandinaviske isbreen er i kvitt. Elva Svea älv drenerte innsjøen til Atlanterhavet.

Innsjøen fekk namn av Gerard de Geer etter Ancylus fluviatilis, ein ferskvassnigl som er funnen i sedimenta etter innsjøen.

Skildring endre

Høgda i Sør-Sverige blokkerte ikkje vasstraumen over det sentrale Sverige fullstendig. Ein hadde framleis utløp frå innsjøen gjennom elvane Göta og Steinselva, som renn frå Vänern til Kattegat. Saltvatn rann ikkje inn innsjøen, som etter kvart vart fersk då innsjøen steig over havnivå. Ein veit sikkert at området hadde vorte ein innsjø for om lag 8000 år sidan, då Vättern vart fråskild frå Ancylussjøen.

Sidan vassnivået steig i Ancylussjøen, førte det til at områda rundt vart lagt under vatn for 9500 til 9200 år sidan.

Etter kvart som ismeltinga auka og, sidan landhevinga var forskjellig frå område til område, vart det grave ut ei ny elv nær det som i dag er Storebælt. Elva er av geologar vorte kalla Danaelva. Ein periode var derfor Skåne, eller Sør-Sverige, ei øy mellom desse store elvane. Dette varte frå om lag 9200 år til opp mot 8000 år sidan. Med denne nye kanalen byrja vassnivået i innsjøen å falle.

Nord-Skandinavia endre

Rundt 9000 år sidan vart den nordlege kanalen lukka, og Skåne vart landfast med resten av Skandinavia i staden for Danmark. På denne tida var det berre eit lite eid som knytte Skåne til dei nordlege områda. På denne tida flytta kulturane frå mellomsteinalderen til dei nyleg tørre områda rundt Bottenhavet. Dei dreiv fiske langs kysten, jakta sel og følgde reinsdyra inn i dei nye områda.

Kjelder endre