Andamanske språk er ein språkfamilie som blir snakka av andamanarAndamanane, ei øygruppe som tilhøyrer det indiske unionsterritoriet Andamanane og Nikobarane. Familien blir delt inn i storandamanske språk og sørandamanske språk; av dei storandamanske språka er berre éit (a-jeru) i live i dag, og av dei sørandamanske er tre språk i live.

Stamme- og språkkart over Andamanane.
Samanlikning av utbreiinga av diverse andamanske språk. Tidleg 1800-talet på venstre side, 2004 på høgre side.

Historie endre

Dei innfødde andamanarane har levt på Andamanane i tusen, om ikkje titusenar av år, og i storparten av denne tida har samfunna deira og språk vore upåverka av eksterne innverknader. Sjølv om eksistensen til øyane og innbyggjarane var kjent blant maritime handelsmaktar i den sørasiatiske regionen var kontakt med andamanarane og verda utanfor veldig sporadisk, og ofte fiendtleg. Som eit resultat av dette er nesten inkje nedskrive om språka deira før midten av 1800-talet. Frå 1860 og utover førte etableringa av ein britisk straffekoloni til ein varig påverknad av dei andamanske folka, spesielt storandamanarane.

Ved inngangen til 1900-talet hadde dei fleste folkegruppene vorte sterkt redusert i mengder, og mange av dei storandamanske språka gjekk ut av bruk. Det språklege mangfaldet på øyane leid òg under av at mange av dei gjenverande folka vart blanda saman med kvarandre og med karenske og indiske innvandrarar.

Ved byrjinga av 2000-talet var det berre rundt 50 menneske med storandamansk opphav igjen, alle på øya Strait Island. Rundt halvparten av desse snakka ein kreol av storandamanske språk, for det meste basert på aka-jeru og a-pucikwar, med element av hindi og burmesisk. Dette kreolspråket blir kalla «notidig storandamannsk» av nokre lærde, men òg berre «jero» eller «storandamansk». Hindi fungerer i større og større grad som hovudspråket deira, og er det einaste språket rundt halvparten av dei snakkar.

Dei sørandamanske språka overlever hovudsakleg fordi folkegruppene som snakkar dei, lever såpass isolert. Denne isolasjonen er vorte forsterka av at dei er ekstrem motvillige til kontakt med utanomverda og er open fiendtleg mot framande, spesielt blant jarawaane og sentinelesarane. Sentinelesarane er så motvillige mot kontakt med utanomverda at språket deira er nesten fullt ukjent for utanforståande den dagen i dag.

Språka og klassifikasjonen deira endre

Det er to klare undergrupper av andamanske språk; storandamanske språk og sørandamanske språk, og dessutan éit uklassifisert språk (sentinelesisk) som blir trudd å vere søarandamansk. Dei beviste likskapane mellom storandamanske og sørandamanske språk er som regel berre morfologiske av natur, og det er lite delt ordforråd. Som eit resultat av dette har forskarar som Joseph Greenberg sådd tvil om andamansk kan vere gyldig som éin språkfamilie. Andre, som Timothy Usher, meiner å ha funne fleire likskapar i ordforrådet i dei to gruppene, som pronomena i onge samanlikna med pronomena i aka-bea: mi «eg»/m- «vi» og ngi «du»/ng- «du», men ikkje nok til å etablere regelrette lydrelasjonar.

Dei andamanske språka er:

Joseph Greenberg har foreslått at desse språka, eller i det minste storandamansk, er i slekt med papuanske og tasmanske språk som del av språkfamilien indostillehavsspråk. Dette forslaget er ikkje generelt godteke av språkforskarar (sjå utvida vestpapuansk).

Grammatikk endre

Dei andamanske språka er agglutinerande språk med eit omfattande for- og etterstavingssystem. Eit av dei mest distinkte trekka ved språka er at dei har eit substantivklassesystem basert for det meste på kroppsdeler, der kvart substantiv og adjektiv kan ta ein forstavelse basert på kva for ein kroppsdel orda assosierast med (på grunnlag av form eller funksjon). Forstavelsen «aka-» i namna på mange andamanske språk antyder dermed at orda har noko med tunga å gjere.

Kjelder endre

  • Denne artikkelen bygger på «Andamanske språk» frå Wikipedia på bokmål, den 30. mars 2012.
  • Abbi, Anvita. Endangered Languages of the Andaman Islands. Germany: Lincom GmbH 2006.
  • Das Gupta, D., and SR Sharma. A Handbook of the Önge Language. Anthropological Survey of India: Calcutta 1982.
  • E. H. Man, Dictionary of the South Andaman Language, British India Press: Bombay 1923.
  • Manoharan, S. 1997. «Pronominal Prefixes and Formative Affixes in Andamanese Language.» A. Abbi (ed.). The Languages of Tribal and Indigenous Peoples of India. The Ethnic Space. Delhi: Motilal Benarsidass
  • Senkuttuvan, R. 2000. The Language of the Jarawa: Phonology. Calcutta: Anthropological Survey of India, Government of India, Ministry of Culture, Youth Affairs, and Sports, Dept. of Culture.
  • Richard C. Temple. A Grammar of the Andamanese Languages, being Chapter IV of Part I of the Census Report on the Andaman and Nicobar Islands, Superintendent's Printing Press: Port Blair 1902.
  • Yogendra Yadaav. «Great Andamanese, a Preliminary Study». Pacific Linguistics A67, 1985.
  • Zide, Norman Herbert & V. Pandya. «A Bibliographical Introduction to Andamanese Linguistics» JAOS 109:639-51

Bakgrunnsstoff endre