Anders Rambekk

norsk fotballspelar

Anders Rambekk (fødd 17. august 1976) er ein norsk tidlegare fotballspelar og seinare politikar frå Porsgrunn. Han vart cupmeister med Odd Grenland i 2000 og Lillestrøm Sportsklubb i 2007.

Anders Rambekk
Statsborgarskap Noreg
Fødd 17. august 1976 (47 år)
Kristiansand kommune
Idrett fotball

Idrett endre

Rambekk spelte på Urædd fram til 1997. Etter ein sesong i IK Skeid, debuterte han for Odd i eliteserien i 1999. Året etter var han med å vinne cupfinalen med laget frå Skien. Då kontrakten med Odd gjekk ut i 2004, skifta han beite og spelte perioden 2005-07 på Lillestrøm SK. Han var innbytar då laget tapte NM-finalen 2005, men var med då Lillestrøm vann 2007-finalen. Før 2008-sesongen gjekk han tilbake til Odd Grenland. Hausten 2010 la han opp.

I tida frå 1. juni 2006 til 7. februar 2007 deltok Rambekk i sju landskampar for Noreg.

Politikk endre

Anders Rambekk er sidan hausten 2015 medlem av bystyret i Porsgrunn, der han representerer Kristeleg Folkeparti.

Kjelder endre

http://eu-football.info/_player.php?id=25286