Anders Zorn (18. februar 186022. august 1920) var ein svensk kunstnar fødd i Mora i Sverige.

Anders Zorn

'Sjølvportrett i raudt' frå 1915
Statsborgarskap Sverige
Fødd 18. februar 1860
Mora församling, Mora
Død

22. august 1920 (60 år)
Mora församling, Mora

Yrke kunstmålar, bilethoggar, akvarellmaler, gravør, fotograf, grafikar, grafikar
Sjanger portrettmåleri, akt, sjangermåleri, landskapsmåleri, marinemåleri, portrett
Far Leonhard Zorn
Mor Grudd Anna Andersdotter
Ektefelle Emma Zorn
Signatur
Anders Zorn på Commons
Midsommardans frå 1897

Utdanning endre

 
'Ein premiere' frå 1888

Frå dødsboet til faren fekk Anders Zorn 3000 kroner som var brukt opp etter tre år med studiar ved Kunstakademiet i Stockholm, men med det store talentet sitt kunne han raskt fø seg sjølv og familien og flytta inn i eige atelier i Stockholm som 20-åring. Her måla og teikna han portrett og illustrasjonar. Det kunstnariske gjennombrotet hans kom våren 1880, då han deltok i elevutstillinga til Kunstakademiet med akvarellen «I Sorg».

Reiser endre

I januar 1881 møtte han Emma Lamm (1860-1942) frå Dalarö nær Stockholm og inngjekk ein hemmeleg truloving same år. Fram til 1889, då Zorngarden i Mora ved sjøen Siljan i Dalarna stod ferdig, gjorde han fleire reiser rundt i Europa, der han levde av å måle portrett. I 1889 gifta han seg så med Emma Lamm.

Zorn reiste mykje og vitja mellom anna Spania, Nord-Afrika og England. I 1893 reiste han til USA for å vitje Verdsutstillinga og for å måle portrett av kjende politikarar og andre viktige personar. Mest kjend frå denne reisa er portrettet av president Grover Cleveland.

Sommaren 1897 reiste Zorn til Russland der har fekk ein varm velkomst. Han vitja St. Petersburg og Moskva der han vart ven med kunstnarane Ilja Repin og Konstantin Korovin. Under opphaldet budde han stort sett hos Korovin.

Renomme endre

Anders Zorn, hans nære ven Bruno Liljefors og Carl Larsson vert rekna for nokre av dei største kunstnarane i Sverige og Anders Zorn meistra oljemåling, akvarellar, etsningar, teikningar og skulpturar, og var ut over portrett kjend for sine nakenstudiar av kvinner ved Dalarö og sjøen Siljan. Zorn og Rembrandt vert rekna som dei to fremste etsarane i verda.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Anders Zorn