Andikýthira (gresk Αντικύθηρα) eller Antikythera er ei øy i Dei joniske øyane i Hellas. Øya var tidlegare eigen kommune, men frå 2011 er ho ein del av Kýthira kommune i periferieininga Øyane i periferien Attikí.[2]

Andikýthira
Lokalt namn Αντικύθηρα
Geografi
Andikýthira is located in Hellas
Plasseringa til Andikýthira i Hellas
Stad Det joniske havet
Koordinatar 35°52′N 23°18′E / 35.867°N 23.300°E / 35.867; 23.300
Øygruppe Dei joniske øyane

Areal 20,43 km²

Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Attikí
Øyane
Største busetnad Potamós (34 innb.)

Demografi
Folketal 68 (2011[1])
Folketettleik 3,3 /km²

Øya ligg 38 km søraust for Kýthira og har eit areal på om lag 20 km². Ho er forma som ein rombe og er 10,5 km frå nordvest til søraust og 3,4 km frå nordaust til sørvest. Ho er kjend for oppdaginga av Andikýthiramekanismen, som i 1902 vart funne i Andikýthiravraket.

Hovudbusetnaden og hamna heiter Potamós (34 innbyggjarar i 2011). Dei andre landsbyane på øya er Kharkhalianá (19) og Galanianá (15).

Andikýthira vert sporadisk vitja av ferjer som går mellom Pireus og KíssamosKreta.

Mellom 300-talet fvt. og 1. hundreåret fvt. vart øya nytta som base for ei gruppe sicilianske sjørøvarar før dei vart utrydda av Pompeius. Ein kan framleis sjå festninga deira på ein klippe nordaust på øya.

Referansar endre

Bakgrunnsstoff endre

Kjelde endre