Andre Bergdølmo

norsk fotballspelar
(Omdirigert frå André Bergdølmo)

André Bergdølmo (fødd 13. oktober 1971) er ein norsk tidlegarefotballspelar fødd i Oslo. Han er er juniortrenar for Sarpsborg 08 Fotballforening.

Andre Bergdølmo
Statsborgarskap Noreg
Fødd 13. oktober 1971 (52 år)
Oslo
Idrett fotball
Tok del i

EM i fotball 2000

Utmerkingar

Årets Kniksen

Han var forsvarsspelar og er mest kjend for sine sesongar i Lillestrøm Sportsklubb og Rosenborg Ballklub. I tida 1997-2005 spelte Bergdølmo 63 landskampar for Noreg. Etter han la opp som aktiv har han prøvd seg som fotballtrenar.

Fotballspelar endre

Bergdølmo starta fotballkarrieren i Skjetten SK, og gjekk derifrå til Lillestrøm i 1991, der han skapte seg eit namn som ein av ligaens mest talentfulle sidebackar. Han spelte seks sesongar på Åråsen, før han våren 1997 gjekk til Rosenborg under særs kontroversielle omstende. Bergdølmo sa at han ville leggje opp for å arbeide med andre ting, for så heilt uventa å skrive under for Rosenborg. Han debuterte på landslaget seinare same året.

Bergdølmo vann fire seriemesterskap som Rosenborg-spelar, og var i den norske troppen under EM-sluttspelet i 2000, der han spelte alle kampane til Noreg. Etter EM gjekk han til den nederlandske toppklubben Ajax. I Ajax vart han omskulert til midtstoppar (men var framleis back på landslaget), og vart nederlandsk ligameister og cupmeister i 2002. Same året fekk han Kniksenprisen, som Noregs beste fotballspelar dette året.

Sommaren 2003 gjekk Bergdølmo til den tyske klubben Borussia Dortmund, der han spelte to sesongar, før han skreiv under for FC København sommaren 2005.

Klubbkampar og -mål endre

Klubb Kampar* Mål* Periode
  Skjetten ? ? 1988-1990
  Lillestrøm 115 9 1991-1996
  Rosenborg 83 4 1997-2000
  Ajax 66 6 2000-2003
  Borussia Dortmund 28 0 2003-2005
  FC København 33 3 2005-2007
  Strømsgodset 43 7 2007-2008
  Sørum 28 8 2009

* Berre seriekampar.


Kjelder endre