Andrea Jaeger (fødd 4. juni 1965) er ein tidlegare profesjonell tennisspelar frå USA.

Andrea Jaeger


Statsborgarskap USA
Fødd 4. juni 1965 (58 år)
Chicago
Idrett tennis
Tok del i

Sommar-OL 1984

Jaeger vart fødd i Chicago i Illinois. Ho vart profesjonell som 14-åring og steig raskt i rankinga opp til nummer to i verda. Ho konkurrerte mot mellom andre Chris Evert, Martina Navratilova og andre toppspelarar frå den tida. I 1982 nådde ho single-finalen i Grand Slam-turneringa French Open og året etter i 1983 var ho finalist i Wimbledon. Ho tapte begge finalane mot Navratilova. Seinare har Jaeger vedgått at ho tapte Wimbledon-finalen i 1983 med vilje, fordi ho hadde vitja Navratilova i bustaden hennar dagen før finalen. Under finalen vart Jaeger redd for at ho hadde øydelagt konsentrasjonen til Navratilova så mykje at ho ikkje orka å prøva å vinna finalen.

I 2006 vart Jaeger nonne i Den anglikanske kyrkja.

Kjelder endre