Andrea Mantegna (143113. september 1506) var ein italiensk kunstmålar og gravør under renessansen. Han var aktiv i Mantova.

Andrea Mantegna

Statsborgarskap Republikken Venezia
Fødd 1431
Isola Mantegna
Død

13. september 1506 (75 år)
Mantova

Yrke kunstmålar, kobberstikker, miniatyrmaler, bilethoggar, teiknar, grafikar
Sjanger historiemåleri, religiøs kunst, allegori, dyremåleri, mytologisk maleri, portrett, religiøst maleri
Ektefelle Nicolosia Bellini
Born Francesco Mantegna, Ludovico Mantegna, Bernardino Mantegna
Andrea Mantegna på Commons
Helgenen Sebastian sitt martyrium, ca. 1470

Liv og verk endre

Mantegna var fødd i ein landsby ved Padova. Han var son til ein snikkar og voks opp i enkle kår. I barneåra var han gjætar. Elleve år gammal byrja han, grunna sitt talent for teikning, i lære hos Francesco Squarcione i Padova, samstundes med Giovanni Bellini. Hans fyrste arbeid var ei altartavle. Her gjekk han i lære til i 1447 rauk uklar med læremeisteren. Deretter gjekk han i teneste hos markgreven av Gonzaga i Mantova. Frå 1456 var han hoffmålar hos Gonzaga, med eit avbrot i 1488/89 då han hadde oppdrag i Firenze, Pisa og Roma. I Roma arbeidde han med å lage måleri til det apostoliske palasset for pave Innocens VIII.

Mantegna var sterkt påverka av bilethoggaren Donatello. Beundringa hans for den romerske antikken påverka i sin tur både svogeren Giovanni Bellini og Albrecht Dürer. I verka sine nytta Mantegna ofte eit ekstremt perspektiv, kombinert med relieff parallelt med biletplanet. Fargane står ofte skarpt mot einannan, det kroppslege er grundig framstilt. Bileta hans var ofte meir realistiske enn Bellini sine; figurane hadde meir individuelle drag.

I takfresken i Camera degli Sposi i Palazzo Ducale i Mantova framstilte Mantegna for fyrste gong i den vesterlandske kunsten eit perspektiv som viser ei opning mot himmelen. Opninga er ramma inn av ein balustrade der englar, menneske og dyr tittar ned. Denne djerve komposisjonen, kalla sotto in sù, med sitt underperspektiv og sterkt forkorta framstilling, vart eit forbilde for seinare kunstnarar, særleg under barokken.

Han var gift med systera til Bellini, og hadde tre søner som også var målarar. Correggio og Raibolini er dei mest kjende elevane hans.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Andrea Mantegna