Andreapol

by i Russland

Andreapol (russisk Андреа́поль) er ein by i Tver oblast i Russland med om lag 9000 innbyggjarar. Han ligg i Valdajhøgdene, ved den øvre delen av elva Daugava, 220 km vest for Tver.

Andreapol
Андреаполь
Horisonten til
Horisonten til
Byåpenet til Andreapol
Byvåpenet til Andreapol


Plassering
Andreapol is located in Russland
Andreapol is located in Tver oblast
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Tver oblast
Grunnlagd
Bystatus
1907
1967
Geografi
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)

8 723
Koordinatar 56°39′N 32°16′E / 56.650°N 32.267°E / 56.650; 32.267
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Retningsnummer (tlf) 48267
Nettstad: www.andreapol.ru

Historie endre

Landsbyen Dubna like ved Andreapol vart først nemnt i skriftlege kjelder i 1489. Byen sjølv går tilbake til 1907, då det vart bygd ei jernbanelinje til området, og ein jernbanestasjon opna. Under andre verdskrigen vart distriktet og stasjonen okkupert av tyske styrkar (hausten 1941 — vinteren 1942). Andreapol fekk bystatus i 1967.

Økonomi og næringsliv endre

Andreapol ligg i eit område med mykje skog. Tømmerindustrien er derfor dominerande i byen, med mellom anna eit stort sagbruk. Byen har òg ein stor jordbruksretta verksemd, samt produksjon av porselen.

Tre kilometer aust for byen ligg Andreapol flybase, ein viktig jagerflybase for forsvaret av Moskva.

Kjelder endre