Andreas Engebø (15. august 193712. august 2021)[1] var ein norsk lærar, idrettsutøvar og forfattar.

Andreas Engebø
Statsborgarskap Noreg
Fødd 15. august 1934
Vevring kommune
Død

12. september 2021 (87 år)

Idrett vektløfting, styrkeløft

Bakgrunn endre

Engebø vart fødd på Kvellestad i Vevring i Naustdal og busette seg seinare i Holmedal i Askvoll. Han har eksamen frå Befalskolen for Infanteriet i 1955, artium frå Voss landsgymnas i 1958 og eksamen frå Stord lærarskule i 1965. Engebø var lærar fleire stader, og frå 1969 ved Holmedal skule.

Karriere endre

Andreas Engebø var den første landskjende idrettsutøvaren i Tambarskjelvar idrettslag, som deltakar på landslaget i kulestøyt i 1957 og 1963. Han vann NM-tittel i vektløfting supertungvekt i 1971, 1972 og 1973, og vart norsk og nordisk meister i styrkeløft i 1967.

Engebø debuterte med diktsamlinga Trollhegg og rabarbra i 1986.

Bibliografi endre

Bøker endre

  • 2008 – Liv i Låglandet (Holmedal: eige forlag)
  • 2009 – Raud myrull (Holmedal: eige forlag)
  • 2012 – Ørneblikk (Holmedal: eige forlag)

I bøker - eit utval endre

I tidsskrift - eit utval endre

Lydbøker endre

  • 2005 – Gråbein ( Spilte sjanser)  [Tekstar Andreas Engebø]

Kjelder endre

  1. «Andreas Rasmus Engebø». Våre minnesider. 12. september 2021. Arkivert frå originalen 16. september 2021. Henta 16. september 2021. 

Bakgrunnsstoff endre