Andreas Goldberger

Andreas Goldberger (fødd 29. november 1972) er ein tidlegare austerriksk skihoppar. Han var ein av dei mestvinnande skihopparane på 1990-talet. Han var òg ein av dei mest populære hopparane, ikkje minst på grunn av den sympatiske veremåten hans og den positive haldninga.

Andreas Goldberger


Statsborgarskap Austerrike
Fødd 29. november 1972 (51 år)
Ried im Innkreis
Idrett skihopping
Tok del i

Vinter-OL 1998, Skihopping under Vinter-OL 1994 – Stor bakke, Skihopping under Vinter-OL 1994 – Laghopp

Utmerkingar

ærestegn i gull av Ærestegnet for fortjenester, Romy

Merittar endre

Narkotikaskandalen endre

I 1997 innrømma Goldberger misbruk av kokain. Han blei utestengt av det austerrikske skiforbundet i seks månader. Goldberger vurderte å bytte forbund og konkurrere for Serbia, men han ombestemte seg, og blei verande i det austerrikske forbundet.

29. mai 2005 la Goldberger opp etter ei lang og innhaldsrik karriere, men er endå prøvehoppar i verdscuprenn i områda rundt Tyskland og Austerrike. Så seint som i 2008 var han godt med på notane som prøvehoppar, og var føre godt over halvparten av hopparane.

Bakgrunnsstoff endre