Jens Andreas Kramer (fødd 13. april 1997) er ein svensk mellomdistanseløpar som vann sølvmedaljen på 800 meter under europameisterskapen 2018 i Berlin.

Andreas Kramer

Statsborgarskap Sverige
Fødd 13. april 1997 (27 år)
Sverige
Yrke mellomdistanseløpar
Andreas Kramer på Commons

Kramer vart svensk meister på 800 meter i 2017 og 2018. Sommaren 2017 sigra han på distansen ved ungdoms-EM i Bydgoszcz i Polen. Den 25. juli 2018 sette han svensk rekord med tida 1.45,03 ved eit stemne i Karlstad. Vel to veker seinare fekk Kramer same sluttida då han under EM i friidrett 2018 overraskande sprang inn til sølv på 800 m, klart slått av polske Adam Kszczot men med god klaring til verdsmeister Pierre-Ambroise Bosse frå Frankrike på tredjeplass.

Kjelder endre