Angloarabar er ein fransk hesterase med opphav i arabarhest og engelsk fullblodshest.

Lion King, angloarabarvallak.

Raseskildring endre

Rasen er forholdsvis ny og det er ein viss variasjon mellom individa. Idealet er ein hest som er uthaldande som arabarhesten og har styrken, farten og storleiken til engelsk fullblodshest. Rasen er vanlegvis mellom 157 cm og 170 cm i mankehøgd.

Historie endre

Angloarabaren vert avla fram for å freiste å kombinere dei beste eigenskapane til arabarhest og engelsk fullblodshest. Avlsarbeidet tok til på 1800-talet. I Frankrike og visse andre land, mellom anna Sverige, finst eige avlsregister for angloarabar, og i desse landa vil ei krysning mellom fullblods og arabar kunne registrerast som angloarabar. Andre land har annan praksis.

Førekomst endre

I heimlandet Frankrike og ei rekkje andre land er angloarabaren ein mykje nytta ridehest.

Bruk endre

Angloarabaren vert brukt som ridehest, og nokre individ har hevda seg sterkt i høge klassar av sprangriding og feltritt. Angloarabaren har også vorte brukt i avlsarbeidet til andre hesterasar, mellom anna svensk varmblods ridehest og hensonhest. Det er ikkje uvanleg at sportsponniar har innslag av angloarabarblod.

Kjelder endre