Anguo, med tilnamnet 'Medisinhovudstaden' (藥都), er ein kinesisk by som høyrer inn under Baodingprefekturet i Hebeiprovinsen. Han ligg 190 km sør for Beijing, under 100 km sør for Shijiazhuang, og 200 km aust for Tianjin. Offisielt innbyggjartal er 370 000.

Anguo
安国 (Ānguó)
by
Kallenamn: Medisinhovudstaden
Land  Kina
Region Hebei-provinsen
Distrikt Baodingprefekturet
Areal 485,09 km²
Folketal 370 300
Grunnlagd 1991 (bystatus)
Tidssone Kinesisk standardtid (UTC+8)
Kart
Anguo
38°25′04″N 115°19′13″E / 38.41772°N 115.3204°E / 38.41772; 115.3204
Wikimedia Commons: Anguo

Byen har lenge vore eit senter for tradisjonell kinesisk medisin. Han har eit verna tempel til den kinesiske medisinguden (藥王廟) som blei til rundt år 100. Han er òg eit viktig produksjons- og handelssenter for urter, og eksporter om lag 25 million kg av slike urter årleg.

I førmoderne tid hadde byen namnet Qizhou (祁州). I 1991 fekk Anguo bystatus. Han styrer 20 småbyar i eit område på 486 km², med sentrale Yaocheng (药城: Yàochéng) som den viktigaste.

Den kinesiske skodespelforfattaren Guan Hanqing, som verka på 1200- og 1300-talet, kom frå Anguo.

Kjelder endre