Angus (skotsk-gælisk Aonghas) er ein av 32 regionar og eit statthaldarskap i Skottland. Regionen grensar til Aberdeenshire, Perth and Kinross og Dundee City. Hovudnæringa i regionen er jordbruk og fiske.

Angus
Aonghas
Geografi
Areal
2 182 km²
Administrasjonsstad
Forfar
Demografi
Folketal
- Totalt (110300)
- Folketettleik

2 008
0,9 /km²

Angus var historisk eit grevskap (offisielt kalla Forfarshire frå 1700-talet fram til 1928 då det fekk det gamle namnet sitt attende) fram til 1974 då det vart eit distrikt i regionen Tayside. I 1996 vart det todelte lokalstyret avskaffa og Angus vart oppretta som ei sameint styresmakt. Det tidlegare grevskapet grensa til Kincardineshire i nordaust, Aberdeenshire i nord og Perthshire i vest. I sør låg Fife på andre sida av Firth of Tay. Grensene til dagens region er nøyaktig lik dei gamle grevskapsgrensene bortsett frå City of Dundee.

Angus kan delast inn i tre geografiske område. I nord og vest er landskapet dominert av fjell. Dette er området med dei fem Angus Glens er tynt folkesett og hovudnæringa her er åsjordbruk. I sør og aust består landskapet av rullande åsar som grensar til sjøen. Dette området er meir folkesett med dei større byane og byen Dundee ved kysten. I mellom ligg Strathmore, som er gælisk for «den store dalen», som er eit frodig jordbruksområde kjend for dyrking av poteter, bærfrukt og oppdrett av anguskveg.

Byar og landsbyar endre

Byar endre

Landsbyar endre

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

56°40′N 2°55′W / 56.667°N 2.917°W / 56.667; -2.917