Anita Moen (fødd 31. august 1967) er ein tidlegare langrennsløpar frå Trysil. Ho hevda seg mot verdseliten i langrenn gjennom fleire sesongar på 1990- og 2000-talet. Perioden 1993-2003 var ho med å vinne heile sju stafettmedaljar for Noreg i verdsmeisterskap og olympiske leikar, seks sølv og ein bronse. I individuelle tevlingar tok Moen to OL-bronsar, den eine på 15 km i 1998 og den andre i sprintøvinga i 2002 .

Anita Moen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 31. august 1967 (56 år)
Elverum
Yrke langrennsløpar, langrennstrener
Høgd 167 centimeter
Ektefelle Giachem Guidon
Nettstad https://anitamoen.no/

Aktiv endre

Moen kom på niandeplass på både 5 km og 10 km då ho gjorde sin internasjonale meisterskapsdebut i ski-VM 1993 i Falun. Ho fekk der sin fyrste internasjonale meisterskapsmedalje då ho gjekk andreetappen for Noreg i 4x5 km stafett, eit lag som tok bronsen.

Under vinter-OL 1994Lillehammer kom Moen 3,4 sekundar for seint i mål til å ta medalje på 5 km og vart som beste norske løpar nummer fire. Sidan vart ho nummer åtte i jaktstarten og nummer ti på både 10 km og 30 km. På stafetten over 4x5 km gjekk ho Noreg inn til sølvmedalje, før henne hadde Trude Dybendahl, Inger Helene Nybråten og Elin Nilsen gått solide løp. Året etter, i 1995 i Thunder Bay, sørgde Moen for at det vart ny norsk sølvmedalje på stafetten då ho slo Sveriges Anette Fanqvist på målstreken. Her gjekk Marit Mikkelsplass startetappen i staden for Dybendahl, elles var dei andre dei same som i OL 1994.

Etter ein middelmåls 5 km under ski-VM i Trondheim fekk Moen ikkje plass på det norske laget i 4x5 km stafett. Derimot gjorde ho ei god tevling på den avsluttande tre-mila i VM, der ho kjempa om bronsemedaljen, men vart slått med nøyaktig to sekundar av bronsevinnar Marit Mikkelsplass. I dei olympiske leikane i Nagano i 1998 tok ho bronsemedaljen på 15 km og vart nummer sju på 5 km, før ho som ankerkvinne gjekk Noreg inn til OL-sølv på stafetten.

Også i ski-VM 2001 og i 2003 vart det stafettsølv på Moen, som begge gongane gjekk opningsetappen for Noreg. Det gjorde ho ikkje under vinter-OL 2002, der ho var Noregs ankerkvinne og måtte sjå seg slått på oppløpet av Tysklands Evi Sachenbacher, som gjekk inn til ein svært overraskande siger. I dei same olympiske leikane fekk Moen bronsemedaljen i den nye greina kalla sprint, eit løp over 1,5 km. Også der hadde ho Sachenbacher på plassen framfor seg, og der Julija Tsjepalova frå Russland vann med god margin.

Anita Moen, som ei tid var gift med den sveitsiske langrennaren Giachem Guidon, la opp etter 2003-sesongen.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap endre

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap endre

Kjelder endre

  • Sportsboken, aktuelle årgangar