Ankogel er eit 3 252 meter over havet høgt fjell i Hohe Tauern i Alpane, på grensa mellom forbundslanda Kärnten og Salzburg i Austerrike. Fjellet reiser seg i nærleiken av Bad Gastein. Tidlegare nådde Ankogel ei høgde på 3 263 moh, men natta mellom 6. og 7. januar 1932 rausa fjelltoppen ut.

Ankogel
fjell
Ankogel
Land  Austerrike
Fjellkjede Hohe Tauern
Høgd 3 252 moh.
Primærfaktor 578 m
Førstestiging 1762
Koordinatar 47°3′44″N 13°14′55″E / 47.06222°N 13.24861°E / 47.06222; 13.24861
Kart
Ankogel
47°03′04″N 13°14′55″E / 47.051111111111°N 13.248611111111°E / 47.051111111111; 13.248611111111
Wikimedia Commons: Ankogel

Ankogel var den aller fyrste bredekte fjelltoppen i Alpane som vart bestige, samstundes var det også ein av dei aller fyrste toppane over 3 000 meter over havet som hadde besøk av menneske. Allereie i 1762 kleiv bonden Patschg frå Böckstein til topps på Ankogel. Seksti år seinare, den 17. oktober kom den fyrste turisten; Peter Karl Thurwieser, saman med jegeren Chr. Ries.

Frå Mallnitz i Kärnten går gondolbana Ankogelbahn opp til 2 636 meter over havet.

Kjelder endre