Ann Kristin Aarønes

norsk fotballspelar

Ann Kristin Aarønes (fødd 19. januar 1973), med kallenamnet «Anka», er ein norsk tidlegare fotballspelar frå Ålesund. Ho vart både verdsmeister og europameister med Noreg, og vann OL-bronse i 1996. Mellom 1993 og 2000 vann ho seks cupmeisterskap og fem seriemeisterskap med Trondheims-Ørn. Aarønes spela 111 landskampar for Noreg i tida 1990-99, og skåra 60 mål.

Ann Kristin Aarønes
Statsborgarskap Noreg
Fødd 19. januar 1973 (51 år)
Ålesund kommune
Idrett fotball
Tok del i

Sommar-OL 1996

Sidan byrjinga av 2000-talet har ho arbeidd i Aalesunds Fotballklubb.

Klubbspel endre

Aarønes sitt spela i yngre år for Spjelkavik Idrettslag, ein klubb som i 1991 rykte opp frå 2. divisjon. Året etter debuterte ho i toppdivisjonen, etter å ha spela sin 12. landskamp. Aarønes vart toppskårar for laget med 12 mål, over halvparten av seriemåla til Spjelkavik.

Spjelkavik rykte ned, og Aarønes melde overgang til Trondheims-Ørn. Der var ho i sin fyrste sesong den nest mest-skårande spelaren med 19 mål, sju mål bak lagkamerat Randi Leinan. Sesongen vart krona med at klubben vann cupgullet det året, med Aarønes på laget. Aarønes var med på å vinne serien og cupen fem gongar kvar i dei neste sju åra ho spela for Trondheims-Ørn. Alle desse åra hadde ho ei sentral rolle i laget, og var ofte avgjerande for at klubben er norsk kvinnefotballs mest meritterte. Ho er utnemnd til æresmedlem i klubben.

I 2000 reiste Aarønes til USA og spela ein sesong for proff-klubben New York Power. Ho la deretter opp.

Landslagsspel endre

Aarønes debuterte for Noregs landslag den 2. september 1990. Både i debutkampen mot England og den neste, mot Ungarn, var ho innbyttar, men i sin tredje landskamp, mot Danmark, spela ho frå start, og skåra sitt første mål. Ho kom ikkje med i VM-troppen 1991, men var fast på landslaget frå 1992.

Aarønes var i 1993 med til Italia og finalespel i europameisterskapen. Noreg hadde kvalifisert seg til semifinalane, mellom anna med å slå ut Tyskland. Etter 1-0 over Danmark i semifinalen møtte Noreg vertsnasjonen Italia. På stadion i Cesena vart det norsk siger 1-0. Aarønes spela begge kampane, og vann dermed si fyrste meisterskapsmedalje.

I 1995 var Aarønes ein av dei sentrale spelarane for Noreg under verdsmeisterskapen i Sverige. Ho skåra to mål i opningskampen mot Nigeria og tre mot Canada i gruppespelet. Noreg vann alle tre kampane i gruppespelet, og gjekk vidare til kvartfinale. Noreg sigr også i kvartfinalen mot Danmark, og møtte favorittane USA i semifinalen. Aarønes skåra det einaste målet i kampen mot USA. Tyskland var motstandar i finalen, og vart slått 2-0 etter to raske mål på slutten av fyrste omgangen. Aarønes var toppskårar i turneringa med seks mål, og vann dermed Gullskoen.

Året etter kom Aarønes og resten av landslaget til semifinalespel i OL i Atlanta. Der vart det tap mot USA, men Noreg vann til gjengjeld bronsefinalen mot Brasil etter to kjappe mål av Aarønes.

Aarønes var også med på å vinne samtlege fire sigrar Noreg har oppnådd i Algarve Cup. Ho la opp som landslagsspelar i 1999.

Merittar endre

  • VM-gull 1995 for Noreg
  • EM-gull 1993 for Noreg
  • OL-bronse 1996 for Noreg
  • Seriemeister 1994, 1995, 1996, 1997 og 2000 med Trondheims-Ørn
  • NM-gull 1993, 1994, 1996, 1997, 1998 og 1999 med Trondheims-Ørn

Kjelder endre

  • Sportsboken, aktuelle årgangar