Anna er eit kvinnenamn danna som ei gresk og latinsk avleiing av det hebraiske Hannah, som tyder 'gunst' eller 'nåde'. Ein annan, særleg spansk skrivemåte for namnet er Ana.

Anna Kingsford, tidleg medisinutdanna kvinne og aktivist.

Anna har namnedag den 26. juli i Noreg og den 9. desember i Sverige. Både Anna og Ana er palindrom.

Tilknytingar endre

Namnet er knytt til kristendommen. Tradisjonar fortel av mor til Jomfru Maria heitte Anna, sjølv om dette ikkje er nemnd i Bibelen. Ei kvinne kjend som profeten Anna er derimot nemnd éin stad i Nytestamentet.[1]

Bruk endre

Anna er utbreidd som namn i Belgia, Danmark, Finland, Hellas (Άννα), Italia, Island, Latvia, Polen, Russland (Анна), Sverige, Tsjekkia og Ungarn.

Namnet Anna har vore kjend i Noreg sidan 1300-talet, og var i vanleg bruk om lag frå byrjinga av 1500-talet. I nyare tid har Anna vore mellom dei mest brukte døypenamna på jenter i Noreg frå statistikken byrjar rundt 1880, og rundt 8 % av nyfødde jenter fekk namnet, før bruken sokk til under 2 % rundt 1925. Han tok seg opp att frå rundt 1995.

Bruk i kulturen endre

Anna Karenina er ein kjend roman av Leo Tolstoj.

 
Diktaren Anna Akhmatova på eit sovjetisk frimerke.

Namneberarar endre

Menn endre

Kjelder endre

  1. «Luk 2,36». Bibelen. Arkivert frå originalen 28. november 2005. Henta 25. juli 2009. «Det var ei profetkvinne der, Anna Fanuelsdotter, av Asjers-ætta.»