Anna Birjukova
Anna Birjukova, fødd Derevjankina, (fødd 27. september 1967) er ein russisk tidlegare friidrettsutøvar frå Sverdlovsk. Ho vart verdsmeister i tresteghopp i 1993 og europameister året etter.
Anna Birjukova | |
Statsborgarskap | Sovjetunionen, Russland |
Fødd | 27. september 1967 (56 år) Jekaterinburg |
Idrett | friidrett |
Tok del i |
Aktiv endre
Birjukova vann gullmedaljen då ho under verdsmeisterskapen 1993 i Stuttgart hoppa 15,09 meter og sette ny verdsrekord. Det var fyrste gongen ei kvinne hoppa 15 meter i tresteghopp. Året etter vann ho også gullmedaljen i tresteg under friidretts-EM i Helsinki, fire centiemter framom landskvinna Inna Lasobvkaja. I VM 1995 i Göteborg vart ho nummer tre i ei tevling der Inessa Kravets tok over verdsrekorden etter å ha landa på 15,50 meter, gjeldande verdsrekord i tresteghopp også i 2015. Birjukova oppnådde 15,08 m.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre
Kjelder endre
- Denne artikkelen bygger på «Anna Birjukova» frå Wikipedia på bokmål, den 28. august 2015.