Anna Gavalda (fødd 9. desember 1970) er ein fransk lærar og prislønt forfattar.

Anna Gavalda

Statsborgarskap Frankrike
Fødd 9. desember 1970 (53 år)
Boulogne-Billancourt
Yrke journalist, omsetjar, romanforfattar, manusforfattar, skribent, barnebokforfattar
Sjanger roman
Signatur
Anna Gavalda på Commons

Gavalda blei fødd i Boulogne-Billancourt i Hauts-de-Seine ved Paris, men familien flytta frå forstaden til landlegare omgjevnader i Eure-et-Loir der ho voks opp to brør og ei syster. Etter at foreldra skilde lag blei ho send til ein katolsk jenteskule, Saint-Esprit à Saint-Cloud. Ho gjekk deretter på Lycée Molière i Paris før ho tok ein mastergrad ved Sorbonne.

Medan ho arbeidde som fransklærar på ein vidaregåande skole, debuterte Gavalda med ei novellesamling under tittelen Je voudrais que quelqu'un m'attende quelque i 1999. Boka blei både ein kritikar- og salssuksess, ho selde meir enn 750 000 eksemplar i heimlandet Frankrike og vann «Grand Prix RTL-Lire» i år 2000. Boka blei omsett til mange språk, inkludert norsk (Eg vil at nokon skal vente på meg) og selde i tjuesju land til saman. Boka fekk mykje ros og er vald ut på bibliotek og skolar over heile verda på fleire språk.

Gavalda sin første roman, Je l'aimais (Eg elska ho) blei gjeven ut i Frankrike i februar 2002 og seinare same år på norsk. Inspirert av sviket i eige ekteskap, blei også denne boka ein stor litterær suksess og ein bestseljar, og blei etterfølgt av den korte barneboka 35 kilos d'espoir (35 kilo med håp).

I 2004 kom den tredje romanen hennar, Ensemble c'est tout, (Saman er ein mindre aleine). Han skildrar livet til fire menneske som bur i eit husvære, ein kjempande ung kunstnar som arbeider som reingjerar om natta, ein ung aristokratisk mistilpassa postkortseljar, ein kokk og ei eldre bestemor. Denne boka, på 600 sider, er ein bestseljar i Frankrike og er blitt omsett til nær 40 språk.[1]

Fram til 2007 var bøkene seld i meir enn 3 millionar eksemplar i Frankrike.[2] Ensemble c'est tout blei skapt om til ein vellykka film i 2007 av Claude Berri, med Audrey Tautou og Guillaume Canet. Den første romanen, Eg elska ho, blei filma i 2009 av Zabou Breitman.

Gavalda er skilt, mor til to og bur i byen Melun i Seine-et-Marne, ca. 50 km søraust for Paris. I tillegg til å skrive romanar, medverkar ho òg i magasinet Elle.

Verk endre

Den første boka er omsett til norsk av Ragnar Hovland, dei fem neste av Tove Bakke.[3]

  • 1999 – Je voudrais que quelqu'un m'attende quelque part (Eg vil at nokon skal vente på meg, 2001)
  • 2002 – 35 kilos d'espoir (35 kilo med håp, 2008)
  • 2002 – Je l'aimais (Eg elska ho)
  • 2005 – Ensemble, c'est tout (Saman er ein mindre aleine)
  • 2008 – La Consolante (Lykka er ein sjeldan fugl, 2009)
  • 2009 – L'Échappée belle (Ein vakker dag, 2010)

Kjelder endre

Referansar endre