Anna Langås Jøsendal (fødd 29. april 2001) er ein norsk fotballspelar som spelar for Rosenborg.

Anna Jøsendal
Personleg informasjon
Fødd 29. april 2001
Fødestad Odda kommune
Posisjon Angrep
Klubbinformasjon
Noverande lag
Rosenborg
Nummer 11
Ungdomsklubbar
0 Odda
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2017–2021 Avaldsnes 59 (12)
2022– Rosenborg 21 (6)
Landslag
2016 Noreg J15 3 (0)
2017 Noreg J16 11[1] (4)
2018 Noreg J17 7 (0)
2018–2020 Noreg J19 15 (2)
2019– Noreg U23 3 (0)
2022– Noreg 5 (0)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 9. november 2022
‡ Landslagsmål oppdatert 9. november 2022

Klubbkarriere endre

Avaldsnes (2017–2021) endre

Etter å ha spela aldersbestemt fotball i Odda Fotballklubb, signerte Jøsendal for Avaldsnes i juli 2017.[2] Ho debuterte i Toppserien i heimekampen mot Grand Bodø i august 2017. Same haust var ho med å vinne cupgull med Avaldsnes; ho vart bytta inn mot slutten av cupfinalen mot Vålerenga. I oktober 2018 signerte ho sin fyrste proffkontrakt med klubben.[3] Både i 2019 og 2020 var ho plaga med flere skadeavbrekk, noko som hindra ho med å få den kontinuiteten ho ønskte.[4] Sommaren 2020 fornya hun kontrakten med Avaldsnes ut 2021-sesongen.[5]

Rosenborg (2022–) endre

I august 2021 vart det kjent at Jøsendal hadde signert for Rosenborg frå 1. januar 2022.[6]

Landslagskarriere endre

Jøsendal har landskampar for J15, J16, J17, J19, U23 og A-landslaget til Noreg.

Ho spela for det norske J19-landslaget under U19-EM i Skottland 2019.[7]

I august 2021 vart ho teken ut på det norske A-landslaget for fyrste gong.[8] Neste gong ho vart teken ut i landslagstroppen var då ho som ei av dei største overraskingane vart teken ut til EM i England 2022.[9] I juni 2022 fekk ho debuten på A-landslaget i ein privatlandskamp mot New ZealandUllevaal Stadion i forkant av europameisterskapen.

Kjelder endre

  1. https://www.soccerdonna.de/de/anna-langs-josendal/profil/spieler_32744.html
  2. Stranden, Tore Roth (27. juli 2017). «Avaldsnes har signert odding». Haugesunds Avis (på norsk). Henta 26. februar 2022. 
  3. Kristiansen, Geir-å (25. oktober 2018). «Her signerer hun sin første proffkontrakt». Hardanger Folkeblad (på norsk). Henta 19. juni 2022. 
  4. Alexander Larsen (12. november 2020). «Oddas landslagsjuvel: Anna Jøsendal». Norske Fotballkvinner (på norsk bokmål). Henta 19. juni 2022. 
  5. Jaastad, Inga Øygard (19. juni 2020). «(+) Anna (19) avslutta 13 år skulegang med ny proff-kontrakt». Hardanger Folkeblad (på norsk). Henta 19. juni 2022. 
  6. Murvold, Aksel (31. august 2021). «(+)RBK henter landslagsspiller: Var ønsket i utlandet». adressa.no (på norsk). Henta 26. februar 2022. 
  7. Johnsen, Marcus Vikse (15. juli 2019). «(+) Olaug Tvedten før J19-EM: - Vi skal ut å jakte finale». Haugesunds Avis (på norsk). Henta 26. februar 2022. 
  8. Flateby, Odd Kåre Grøttland, Terje (31. august 2021). «(+) På A-landslaget før første gang: – Har internasjonale kvaliteter». Haugesunds Avis (på norsk). Henta 26. februar 2022. 
  9. «RBK-talent tatt ut i EM-troppen». www.aftenposten.no (på norsk bokmål). Henta 8. juni 2022.