Anna Sewell

britisk skribent

Anna Sewell (30. mars 182025. april 1878) var ein britisk forfattar. Ho er kjend for Black Beauty (Silkesvarten), ein banebrytande roman om ein hest fortald av hesten sjølv. Dette var den einaste boka ho skreiv.

Anna Sewell

Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 30. mars 1820, 20. mars 1820
Great Yarmouth
Død

25. april 1878 (58 år)
Norwich

Yrke skribent, romanforfattar, barnebokforfattar
Språk engelsk
Sjanger barnelitteratur
Mor Mary Wright Sewell
Anna Sewell på Commons

Bakgrunn endre

Sewell var fødd i Great Yarmouth i Norfolk i England. Familien var kvekarar. Mor hennar, Mary Wright Sewell (1798–1884), var ein framgangsrik barnebokforfattar. Far hennar heitte Isaac Phillip Sewell (1793–1879) og arbeidde med tøysal og som bankmann. Anna hadde ein yngre bror, Philip, fødd i 1822.[1]

Familien flytta til London då Anna Sewell var to år, og hadde eit omflakkande tilvære. Etter fleire år i London-området (Dalston 1822–32, Stoke Newington 1832–6) budde dei ei tid i Brighton (1837–45) og deretter ulike stader i Sussex: Lancing 1845–9, Haywards Heath 1849–53 og Graylingwell 1853–8). 1858-1864 budde dei i Abson i Gloucestershire og 1864-1867 i Bath. Deretter vende familien tilbake til Norfolk, og Anna levde dei siste åra av livet sitt i White House i Old Catton ved Norwich.[1]

Anna Sewell fekk det meste av utdanninga si heime. Ho var rundt tolv år då ho gjekk på skule for første gong, i Stoke Newington.[2] To år seinare hadde ho eit fall då ho gjekk heim frå skulen og skadde anklane sine. Etter dette hadde ho vanskar med å gå og stå. Heile livet sleit ho også med smerter og veikskap som gjorde at ho i periodar var sengeliggjande. Bortsett frå opphald hjå slektningar i Buxton i Norfolk og ulike kurbadopphold i England og utlandet budde ho alltid med foreldra.[1]

Anna Sewell hadde eit nært forhold til mora. Ho las, kritiserte og redigerte mora sine verk før dei blei gjevne ut. Dei var aktive i praktisk veldedig arbeid som fattighjelp, fråhald og undervising. Sewell grunnla ein aftanskule for menn i Wick der ho og mora underviste, og var også søndagsskulelærar.[1]

For å koma seg rundt kunne ho bruka hest, og var dyktig både til å ri og å køyra hest og vogn. Niesa hennar fortalde at ho alltid sa frå om ho såg vondskap mot dyr.[1] Anna forleét kvekarane då ho var atten, men var djupt religiøs heile livet. I lag med mora vitja ho ulike protestantiske rørsler, sjølv om ho ikkje blei medlem av nokre av dei. [1]

Forfattarskap endre

 
Førsteutgåva av Black Beauty

I 1871 blei Sewell fortald at ho berre hadde eitt og eit halvt år igjen å leva.[3] Det året byrja ho å skriva det einaste verket sitt, Black Beauty. Ho forfatta verket i omgangar frå 1871 til 1877. Den forverra helsa gjorde at Sewell måtte opphalda seg heime, ofte liggjande på ein sofa. Ho dikterte mykje av boka til mora. Sidan klarte ho også å skriva på papirbitar som mora transkriberte. Black Beauty blei seld til mora sine utgjevarar, Jarrold & Sons, og kom ut då Anna var 57. Ho levde lenge nok til å få vita at boka hadde suksess, men døydde berre fem månader etter utgjevinga. Dødsårsaken var hepatitt eller tæring (tuberkulose).[1]

Black Beauty (Silkesvarten) tek for seg livsløpet til ein hest, fortald av hesten sjølv. Han har fleire ulike eigarar og kuskar, og opplever både godskap og vondskap og fleire ulike sider ved det viktorianske samfunnet. Romanen var opphavleg retta mot vaksne, men gjekk etterkvart over til å reknast som ei barnebok. Ho markerte byrjinga på ei lang rekkje forteljingar om hestar og ponniar for barn.[4]

Boka blei raskt populær. Det blei seld 12 000 eksemplar det første året ho kom ut.[5] Ho vekka merksemd rundt behandlinga av hestar i samfunnet,[3] og blei promotert av dyrevernorganisasjonar, som RSPCA i Storbritannia og American Humane Education Society i USA.[5] I USA blei boka piratkopiert av George Angell, som grunnla American Humane Education Society, og over to millionar eksemplar blei distributerte gratis frå 1890 til 1910.[5] Boka er blitt omsett til ei rekkje språk og er blitt filmatisert minst elleve gongar.[5]

Verk endre

  • Black Beauty, his Grooms and Companions: The Autobiography of a Horse. Translated from the Original Equine (1877)
Norske omsetjingar
  • Vesle-Svarten : en Hests Levnetsløb fortalt av den selv (Marie Jørstad, Kristiania: Cammermeyer, 1893)
  • Silkesvarten (Ingar Weyer, Oslo: Tveitan, 1973)
  • Silkesvarten (Espen Hagerup, [Oslo]: Gyldendal Tiden, 2001). Forkorta utgåve
  • Silkesvarten : en hests selvbiografi (Kurt Narvesen, Transit, 2013)

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 Adrienne E. Gavin (2004), «Sewell, Anna (1820–1878)», Oxford Dictionary of National Biography, Oxford University Press, doi:10.1093/ref:odnb/25140, henta 30 March 2017 
  2. The maker of the omnibus by Jack Hodges. p. 85. Sinclair-Stevenson (1992) ISBN 1-85619-211-3.
  3. 3,0 3,1 Daniel Hahn (2015), «SEWELL, Anna», The Oxford Companion to Children’s Literature, Oxford University Press 
  4. Deborah Stevenson (2006), «Horse and Pony Stories», The Oxford Encyclopedia of Children's Literature, Oxford University Press 
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 Dinah Birch, red. (2009), «Black Beauty», The Oxford Companion to English Literature, Oxford University Press