Annar
mannsnamn
Annar er eit mannsnamn av norrønt opphav. Det norrøne Annarr kan vera sett saman av anu, 'forfar' og harjar, 'stridsmann, krigar', eller ha tydinga 'andre'. Onar er ei anna form av namnet.
Annar har namnedag den 21. juni. I 2009 var det 283 norske menn som heitte Annar.
Norrøn bruk endre
Annarr er nemnd som faren til Jord (Jörd) i Gylfaginning, der det også er nemnd som namnet på ein dverg.
I den yngre Edda nemner Snorre ein Athra som blir kalla Annar.
Namneberarar endre
- Annar Aune, (1880-1949), norsk keramikar
- Annar Ryen, (1909-1985), norsk skiløpar
Kjelder endre
- Søk etter norsk namnestatistikk for Annar hjå Statistisk Sentralbyrå
- Delar av denne artikkelen bygger på «Annar» frå Wikipedia på engelsk, den 20. juni 2009.