Anne Margrethe Hausken

Anne Margrethe Hausken Nordberg (fødd 23. januar 1976) er ein norsk farmasøyt og orienteringsløpar frå Karmøy, busett i Oslo. Ho vart verdsmeister i 2008 på kortdistansen og vann VM-gull i stafett i 2009 og 2013. Totalt sanka ho 11 (3-5-3) medaljar i verdsmeisterskap. Ho er gift med Anders Nordberg.

Anne Margrethe Hausken


Statsborgarskap Noreg
Fødd 23. januar 1976 (48 år)
Karmøy kommune
Idrett orientering

Aktiv endre

I 2005 tok Hausken VM-sølv på sprintdistansen og på stafetten. I 2008 sprang ho inn til fyrsteplass både på kort- og klassiskdistansen ved europameisterskapen i orientering. Også i verdsmeisterskapen 2008 sigra ho på kortdistansen. Ved sesongslutt stod ho som vinnar av verdscupen i orientering.

I 2009 tok Hausken seg av den andre etappen for det norske laget som vann gull i VM-stafetten i Miskolc i Ungarn. Betty-Ann Bjerkreim Nilsen opna for Noreg, Marianne Andersen avslutta. Fire år seinare sikra Hausken seg sitt andre stafettgull i VM, då på lag med Heidi Bagstevold og Mari Fasting. Under VM 2016 vart ho bronsemedaljør på klassiskdistansen.

Hausken sigra i den svenske O-Ringen i 2008 og 2015. Åra 2005-15 vann ho 10 tevlingar i verdscupen i orientering. Åra frå 2001 til 2022 vann ho 22 NM-gull i individuelle tevlingar, mellom anna 5 på langdistansen. I NM-stafetten for kvinner har ho delteke på vinnarlaget heile 14 gongar, sist då ho var 46 år gammal.

Medaljar og plasseringar i verdsmeisterskap endre

  • VM 2003: Nr 6 på kortdistansen
  • VM 2005: Sølv på kortdistansen og i stafett
  • VM 2006: Nr 6 på klassiskdistansen
  • VM 2007: Bronse i stafett, nr 4 på klassiskdistansen
  • VM 2008: Gullmedalje på kortdistansen
  • VM 2009: Gull i stafett, nr 6 på klassiskdistansen
  • VM 2010: Sølv i stafett, nr 8 på klassiskdistansen
  • VM 2012: Bronse i stafett, nr 5 på klassiskdistansen
  • VM 2013: Gullmedalje i stafett
  • VM 2015: Sølv i kvinnestafetten og i mixstafetten, nr 7 på klassiskdistansen
  • VM 2016: Bronsemedalje på klassiskdistansen
  • VM 2017: Nr 4 på klassiskdistansen
  • VM 2019: Nr 5 på mellomdistansen

Ymse endre

Frå 2006-11 var Hausken leiar i Olympiatoppen sin utøvarkomité, ho avløyste skiskyttaren Halvard Hanevold. Ho var den fyrste frå ein ikkje-olympisk idrett med det vervet.

Kjelder endre