Anne Pedersdotter

Anne Pedersdotter (fødselsår ukjend, død 7. april 1590) var ei norsk prestekone som vart dømd for trolldom i Bergen. Anne er ei av dei mest kjende kvinner dømd som heks og avretta på bål i Noreg på 1500–1600-talet. Saka mot henne er ei av dei best dokumenterte trolldomssakene i Noreg.

Anne Pedersdotter
Statsborgarskap Noreg
Fødd 16. hundreåret
Trondheim
Død

7. april 1590
Bergen

Straff dødsstraff
Ektefelle Absalon Pedersson Beyer

Anne Pedersdotter vart fødd i første halvdelen av 1500-talet i Trondheim. Ho var syster av Søren Pedersson, som seinare vart lagmann i Trondheim. Anne gifta seg i 1552 med studiekameraten til broren frå København, bergenshumanisten og presten Absalon Pedersson Beyer. Han var teologisk lektor ved latinskolen i byen. Dei budde i Bergen og fekk åtte born, der tre voks opp. Ektemannen døydde i april 1575.

Første trolldomsskulding endre

I det siste leveåret til Absalon vart Anne første gongen skulda for trolldom. Ho skulle ha teke livet av onkelen til mannen, biskop Gjeble Person, for at mannen hennar skulle bli biskop. Det pågjekk på denne tida ein maktkamp mellom presteskapet på den eine sida og storborgarskapet med borgarmeister og rådmannsombud på den andre sida. Absalon var ein profilert representant for presteskapet, og det blir hevda at tiltalene mot Anne var ein del av denne maktkampen. Denne gongen fekk Absalon henne frikjend for trolldomsskuldingane, ved at han skaffa henne fribrev frå kongen i København.

Etter at Absalon døydde, fekk Anne brev frå København om fritak frå skatt og løyve til å busetje seg kvar ho ville i landet. Det såg på denne måten lyst ut, men ho vart bitter og inneslutta etter trolldomsskuldingane. Rykta gjekk enno, sjølv om ho var frikjend. Anne svarte på ryktespreiinga og skuldingane med å spreie om seg med forbanningar og kjefting. Ho kom lett opp i krangel med naboar og folk rundt seg. Det var nok ikkje enkelt å bli utsett for folkesnakk og bli sjikanert på denne måten, og det var med god grunn ho lét seg provosere. Men det var nok ikkje nokon god strategi, som enkje var posisjonen hennar mykje svakare enn som prestefrue.

Andre klagemål endre

I byrjinga av 1590 vart skuldingane og rykta til alvorlege tiltaler, og i mars vart det reist trolldomssak mot Anne igjen. Den 23. mars 1590 var Anne sjuk ved starten av rettsprosessen og sonen hennar, Absalon Absalonson stilte for henne i staden. Det vart foreslått å fengsle Anne, noko Absalon Absalonson motsette seg. Han viste til brevet frå 10. desember 1575 frå kongen at Anne allereie var frikjend for slike skuldingar. Lagretten fann likevel frikjenningsbrevet irrelevant, sidan tiltalane mot henne var av nyare dato og ho vart då fengsla i rådhuskjellaren.

I rettssaka var det mange som vitna om trolldomen hennar. Ho vart skulda for å ha teke livet av fem-seks menneske, mellom dei eit lite barn, ved å kaste sjukdom på dei. Ho skulle òg ha teke livet av eit pæretre!

Mange av vitna var nære vener og naboar. Tenestejenta hennar gjennom 20 år, Elina, kom med nokre av dei alvorlegaste skuldingane. Anne skulle ha brukt henne som ridehest når ho flaug gjennom lufta til heksestemne på Lyderhorn og Fløyen. Anne skulle ha delteke på heksestemna på Lyderhorn tre julenetter på rad. Her vart det planlagt trolldom mot Bergen by - naturkatastrofar, brann og annan «djevelskap». Dette vart berre forhindra ved at ein kvit engel greip inn og alt som vart høyrt var nokre store torebrak. Andre vitne hevda at Anne var blitt sett saman med demonar, blant anna ein skapning utan hovud.

Domen endre

Trass protestar frå nokre prestar i Bergens presteskap, vart Anne dømd til døden ved bålbrenning. Domen vart signert med 37 segl, inkludert den verdslege eliten til byen med lagmann, borgarmeister og byrådsmedlemmer i spissen. På veg til rettarstaden på Nordnes ropte Anne gjentekne gonger ut si uskuld. Anne vart brent på bålet 7. april 1590. Domen er trykt i Bergens historiske forenings skrifter nr 36.

Etterspel endre

Avrettinga av Anne førte til strid mellom borgarane og delar av presteskapet i Bergen. Domen medførte òg skam på omdømmet til familien. Familien fekk difor teke opp saka igjen i 1596, men herredagen vedtok i 1598 å oppretthalde domen. Domen over Anne førte til ei heksejakt i Noreg, noko som spesielt gav utslag i Finnmark nokre tiår seinare.

26. juni 2002 vart det reist ein minnestein på rettarstaden på Nordnes. «Heksesteinen» skal vere eit nasjonalmonument over ofra for hekseprosessane i Noreg og Anne Pedersdotter.

Anne Pedersdotter i kunsten endre

Annes dramatiske heksedom har vore til inspirasjon for mange kunstnarar. Dette har bidrege sterkt til at ho er ei av dei mest kjende heksedømde kvinnene i norsk historie.

Kjelder endre


  • Rune Blix Hagen: «Anne Pedersdotter», i Norsk biografisk leksikon, bd.1, Oslo 1999
  • Rune Blix Hagen: Hekser. Fra forfølgelse til fortryllelse, Oslo 2003
  • Nils Gilje: Heksen og humanisten: Anne Pedersdatter og Absalon Pederssøn Beyer, 2003
  • Bergens historiske forenings skrifter nr. 36

Bakgrunnsstoff endre